Eusosialitet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eusosialitet (etter gresk, «ekte sosialitet») er eit mønster somme dyr organiserar formeiringa si etter. Fenomenet er først og fremst kjend frå sosiale insekt som maur, bier, kvefsar og termittar, men det er òg kjend frå krepsdyr og til og med pattedyrartar som nakenrotte.
Den mest brukte definisjonen på at eit dyresamfunn skal kunne kallast eusosialt går på tre punkt:
1) Individ frå fleire generasjonar lever i lag
2) Dei ulike medlemmane i kolonien samarbeidar om å ta vare på dei yngste dyra (egg og larver)
3) Bestanden er delt inn i minst to klart skilde kastar; ei som formeirar seg og ei som ikkje gjer det.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder og referansar
Wilson, E. O. (1990): Success and Dominance in Ecosystems: The Case of the Social Insects