Erik Gjems-Onstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik-Ørn Gjems-Onstad (fødd 22. februar 1922 i Oslo) var ein norsk politikar, høgsterettsadvokat og innvandringsmotstandar.
Innhaldsliste |
[endre] Liv og virke
Erik Gjems-Onstad er ein høgt dekorert motstandsmann frå andre verdskrig. Han deltok i Kompani Linge og stod bak MILORG i Trøndelag.
Erik Gjems-Onstad vart valt inn på Stortinget for Anders Langes Parti (ALP) ifrå Akershus i 1973, som dåverande «nestkommanderende» for partiformannen Anders Lange. Han vart ekskludert frå partiet i 1976 då han anbefalte veljarane å stemme på Høgre ved stortingsvalget i 1977, fordi ALP uansett ville få for liten oppslutning.
Sida har Gjems-Onstad vore kjend som forsvarsadvokat for fleire kjende norske høgreradikale og høyreekstreme personar. Han har fremma ein rekke klagemål på vegne av personar med tilknyting til det ny-nazistiske miljøet i Noreg. Han var tidligare også ein markant talsperson for apartheid-regimet i Sør-Afrika. I ei årrekkje var han aktiv med debattartiklar i fleire aviser og tidsskrift. Han har utgjeve fleire bøker og publikasjonar, mellom anna bladet Nytt og kommentarer som starta opp i 1984.
Den tidlegare høgsterettsadvokaten er medlem av både Folkebevegelsen mot innvandring (FMI) og Pensjonistpartiet (PP), og sjølv ser han ingen motsetning mellom FMI og PP. Ved kommunevalet i 2007 var han listetopp for Pensjonistpartiet i Asker.
I august 2007 uttalte han at «Norge er nordmenns fedreland» under ein valdebatt sendt i radioprogrammet NRK Østlandssendingen. Han fortsatte med «Nordmenn er en nasjon innen den hvite rase. Mange tør ikke si det, men det er realiteten». I innslaget framstilte han Pensjonistpartiet som det mest innvandringskritiske partiet i landet. Pensjonistpartiet sin leiar truga straks med eksklusjon [1].
[endre] Anna
Gjems-Onstad vart i 1939 noregsmeister på sykkel for junior. I 1967 tok han initiativet til sykkelrittet Den store styrkeprøven mellom Trondheim og Oslo der han sjølv har deltatt over eitt dusin gonger.
[endre] Bøker som han har utgjeve
- 1981: Psykologisk krigføring i Norge - DURHAM - hemmelige operasjoner mot tysk okkupasjonsmakt 1943-45
- 1984: Dagbok fra Tanzania - u-hjelp uten mening
- 1984: Dagbok fra Israel- reiser og tanker
- 1985: Syd-Afrika i dag - boikott eller samarbeid
- 1993: Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren
- 1994: Myrdal-sakene
- 1994: Psykologisk krigføring i Norge under Annen Verdenskrig 1940 - 45
[endre] Utmerkingar
- 1941: Member of the British Empire Defence Medal
- 1942: Haakon VIIs 70 års medalje
- 1944: St. Olavsmedaljen med eikegren
- 1945: Deltakarmedaljen 9. april 1940 - 8. mai 1945
- 1945: The 1939-45 Star
- 1945: Defence Medal
- 1945: War Medal
- 1947: Krigskorset med sverd
- 1978: Idrettsmerkestatuetten
- 1982: Vernedugleiksmedaljen
[endre] Stortingskomitéar
[endre] Referansar
Kjelde: Wikipedia bokmål