See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Ductus arteriosus - Wikipedia

Ductus arteriosus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hjartemodell med ein ductus arteriosus teikna inn med dobbel kvit strek. Aorta merkt med A, lungepulsåra er blå og ligg foran og under
Hjartemodell med ein ductus arteriosus teikna inn med dobbel kvit strek. Aorta merkt med A, lungepulsåra er blå og ligg foran og under

Ductus arteriosus (frå latin ductus gang, tidlegare kalla Ductus Botalli) er ein føtal shunt og ein særs viktig del av fostersirkulasjonen. Han er ein blodåre mellom lungepulsåra og aorta (livpulsåra).

Lungane er ikkje i bruk som pusteorgan i fostertida og treng difor ikkje mykje blod. Samstundes pumpar høgre hjartekammer (som normalt pumpar blod til lungane) meir blod enn venstre. Mykje av dette blodet går difor ut av hjartet gjennom lungepulsåra, men tar vegen gjennom ductus arteriosus til aorta og systemkretsløpet. Utveklingsmessig er ductus arteriosus danna av den sjette gjellebogen.

Ductus arteriosus lukkar seg normalt i løpet av dagar etter fødselen. At oksygentensjonen i blodet stig er den viktigaste orsaken til lukkinga. Ductus arteriosus gror då helt igjen og blir omdanna til eit bindevevsdrag, ligamentum arteriosus. Av og til kan lukkinga ta nokre veker og somme tider blir det ein opning livet ut. Ved nokre medfødde hjartefeil er pasienten avhengig av ductus arteriosus for å leva, så lengje han er uoperert. Ein kan då halde han oppe med tilførsel av prostaglandin. Dersom pasienten må vente lengje på operasjon kan ein i nokre høve leggje inn eit røyr (stent) med kateterteknikk for å halde han open.

[endre] Open (persisterande) ductus arteriosus (PDA)

Ekkokardiogram av ein PDA som er haldt oppe av ein stent, mens pasienten ventar på operasjon. Aorta visast som ein svart boge, stenten i ductus arteriosus som to kvite strekar.
Ekkokardiogram av ein PDA som er haldt oppe av ein stent, mens pasienten ventar på operasjon. Aorta visast som ein svart boge, stenten i ductus arteriosus som to kvite strekar.

Når ductus arteriosus ikkje lukkar seg kallar me det persisterande ductus arteriosus, ofte avkorta til PDA. Orsaka av trykkskilnaden på system- og lungekretsløpet vil det gå ein blodstraum frå aorta til lungepulsåra. Er blodstraumen liten får ein ikkje problem av det. Han er òg vanskeleg å oppdage. Slike PDAar er ofte bifunn ved ekkokardiografiske undersøkingar. Elles blir dei gjerne oppdaga på grunn av ein typisk hjartelyd (maskinhall-lyd) dersom dei er store. Symptom vil vera tungpust, men ein PDA gjev ofte ikkje tydelege symptom.

Er blodstraumen stor vil det gå ein større mengd blod gjennom lungane enn det normalt gjer. Dette kan både gje større risiko for luftvegsinfeksjonar og fåre for hjartesvikt. Ein stor PDA blir difor altid lukka. Før skjedde dette kirurgisk, no er standard metode kateterbasert intervensjon kor ein spiral (coil) eller propp blir plassert i den opne åra. Blodet vil så trombosere rundt implantatet og tette åra.

Ekkokardiogram av ein PDA som er lukka av ein coil. Aorta (A) visast som ein svart boge, lungepulsåra (P) som ein svart sirkel. Coilen kvit mellom dei.
Ekkokardiogram av ein PDA som er lukka av ein coil. Aorta (A) visast som ein svart boge, lungepulsåra (P) som ein svart sirkel. Coilen kvit mellom dei.

For tidleg fødde born har oftare open ductus arteriosus enn andre nyfødde. Born med fødselsasfyksi har òg ofte open ductus arteriosus. Ein kan lukke åra med medikament, (ibuprofen eller indometacin). Alternativt nyttar ein kirurgi. Kirurgi skjer utan hjarte-lungemaskin og tek berre nokre minutt. Ein går då inn mellom to ribbein på venstre side og sett ein klips på åra.

Komplikasjonar til behandlinga er uvanleg og pasienten er å rekna som heilt frisk etterpå.

[endre] Lenkjer


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -