Kateter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I medisin, er eit kateter eit røyr som kan førast inn i kroppen. Det å legge inn eit kateter kallast kateterisering. Avhengig av kor og korfor røyret leggjast inn kan det vera meir eller mindre stivt.
Ein legg inn kateter for å:
- tømme urinblæra for urin (blærekateterisering), anten gjennom urinrøyret med eit Foleykateter eller gjennom huda suprapubiskateter.
- drenera væskeansamlingar eller luft, til dømes rundt lungane. Kateteret blir då ofte kalla eit dren.
- gje intravenøs væske, medikament eller parenteral ernæring
- lage bilete av sirkulasjonssystemet (angiografi), gjere målingar i eller manipulera sirkulasjonssystemet, sjå hjartekateterisering
- framstille forholda i hjarnen
- direkte måling av blodtrykk i vener eller arteriar.
Eit lite kateter for innføring i ei vene kallast oftast ei perifer venekanyle, av di han blir lagt inn i ei lita perifer vene. I Noreg nyttar ein ofte handelsnamnet "Venflon" uansett fabrikat. Eit sentralt venekateter (CVK) har større indre diameter og ligg med spissen nære eller i høgre forkammer. Han er egna til spesielle medikamenttypar og store væskemengdar. Eit Swan-Ganz kateter er eit kateter plassert i pulmonalarterien for å måle trykk.
[endre] Sjå òg
- kanyle
- stent