See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Dieppe - Wikipedia

Dieppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dieppe
Hamna i Dieppe
Hamna i Dieppe
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Haute-Normandie
Seine-Maritime
Geografi
Flatevidd
 - By

11,67 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

34 653
  2 969/km²
81 419
Koordinatar 49°55′″N 01°05′″EKoordinatar: 49°55′″N 01°05′″E
Høgd over havet 6 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.mairie-dieppe.fr


Dieppe er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Seine-Maritime i regionen Haute-Normandie. Byen har om lag 35 000 innbyggjarar, og etter ei folketeljing i 1999 hadde storbyområdet 81 419 innbyggjarar.

Byen er ein hamneby ved Den engelske kanalen, og er kjend for sine muslingar. Frå byen går det ferjesamband til Newhaven i England. Dieppe har òg ei populær grusstrand, eit slott frå 1400-talet og kyrkjene St. Jacques og St. Remy.

Dieppe høyrer til området Pays de Caux.

[endre] Historie

Byen vart først nedteikna som ein liten fiskelansby i 1030, og byen vart kjempa om under Hundreårskrigen. På 1500-talet hadde byen ein av dei mest avanserte franske skulane innan kartografi, og på 1600-talet var hamna ei av dei flottaste i kongeriket. Etter at Ediktet i Nantes vart oppheva mista Dieppe 3 000 hugenottar, som rømde utanlands.

Dieppe var eit viktig mål i fleire krigar, og byen vart stort sett øydelagd av engelsk-nederlandsk bombardement i 1694. Byen vart bygd opp att i 1696, og vart ein populær ferieby etter hertuginna av Berry, som hadde vorte enke, vitja byen i 1824. Ho var svigerdotter til Karl X av Frankrike. Ho oppfordra til byggjing av eit teater, Petit-Theatre (1825).

Diepperaidet under den andre verdskrigen vart kjend som eit blodig slag, og kosta mange menn for dei allierte. 19. august 1942 gjekk allierte soldatar, hovudsakleg kanadiske, i land ved Dieppe med håp om å okkupere byen etter kort tid, finne etteretningsinformasjon og trekke Luftwaffe ut i open kamp. Dei allierte tapte meir enn 1 400 menn, og 1 946 kanadiske soldatar vart fanga utan at nokre av måla vart oppnådd.

Dieppe i Canada (tidlegare Léger Corner) fekk det noverande namnet sitt i 1946 for å ære dei kanadiske soldatane som fall i Diepperaidet.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Dieppe


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -