Den kinesiske muren
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den kinesiske muren (kinesisk 萬里長城; forenkla 万里长城; pinying Wànlĭ Chángchéng, 'den lange borga på 10 000 li¹), er ein omlag 6 400 kilometer lang mur og er eit forsvarverk bygd av jord og stein.
Muren ligg i det nordlege Kina. Han vert rekna som jordas største byggverk og vart bygd under Ming-dynastiet frå slutten av 1300-talet til byrjinga av 1600-talet. Muren skulle verna Kina mot plyndringar fra mongolske og tyrkiske stammer. Fleire andre murar vart påbyrja på 200-talet fvt. av Shi Huangdi, den første keisaren av heile Kina.
Fleire delar av den kinesiske mur er øydelagt eller forsvunne med tida. Lokale innfødte har nytta steinen til byggemateriale. I dag er muren freda og vart oppført på verdsarvlista til UNESCO i 1987.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Julia Lovell: The Great Wall - China Against the World, 1000 BC-2000 AD. ISBN 1-84354-212-9
- Jacquetta Megarry: Explore the Great Wall. ISBN 1-898481-17-2
- Arthur Waldron: The Great Wall of China - From History to Myth. ISBN 0-521-36518-X
- Offisiell heimeside
- Bilete av Den kinesiske mur i Simatai
- Side om Den kinesiske mur
- Bilete av Den kinesiske mur
- Hiking langs Den kinesiske mur
- CBC.ca News: "Den kinesiske mur er usynleg fra verdsrommet
- Snopes.com: Legenda om Den kinesiske mur
- Side om Den kinesiske mur
- Kart over Den kinesiske mur
[endre] Fotnoter
¹ 10 000 li = 5 760 km. 10 000 er eit bilete for uendeleg på kinesisk, slik at namnet på muren tyder «den uendeleg lange borga».