County Wicklow
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
County Wicklow Contae Chill Mhantáin |
|
Statistikk | |
Provins: | Leinster |
Hovudby: | Wicklow |
Bilnummer: | WW |
Areal: | 2 024 km² |
Folketal (2006): | 114 676 |
Folketettleik: | 57 /km² |
Nettside: www.wicklow.ie |
County Wicklow (irsk Contae Chill Mhantáin) er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Administrasjonsbyen er Wicklow, medan den største byen er Bray. Grevskapet vert stundom kalla The last country på folkemunne, sidan det er det siste grevskapet som vart oppretta, i 1605 på territorium som tidlegare var del av County Dublin. Det vert òg kalla Irland sin hage.
Inn på 1800-talet var Wicklow eit sentrum for irske opprørarar, og ein militærveg vart lagd gjennom grevskapet for at britiske styrkar raskt kunne flytte seg i området.
Ruinane av det store klosteret Glendalough ligg i Wicklow.
County Wicklow grenser til Dublin i nord, Kildare og Carlow i vest, Wexford i sør og Irskesjøen i aust.
[endre] Byar og landsbyar i Wicklow
- Aghavannagh, Annamoe, Arklow, Ashford, Aughrim, Avoca
- Ballinaclash, Ballinakil, Ballycoogue, Baltinglass, Blessington, Bray, Brittas Bay
- Carnew, Coolafancy, Coolboy
- Delgany, Donard, Dunlavin
- Enniskerry
- Glencree, Glendalough, Glenealy, Grangecon, Greenan, Greystones
- Hollywood
- Kilcoole, Killincarrig, Kilmacanogue, Kilpedder, Kiltegan, Knockananna
- Lacken, Laragh
- Manor Kilbride, Meeting of the Waters
- Newcastle, Newtownmountkennedy
- Rathnew, Rathdrum, Redcross, Roundwood
- Shillelagh, Stratford-on-Slaney
- Tinahely
- Valleymount
- Wicklow, Woodenbridge
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Wicklow frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo |