County Londonderry
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
County Londonderry Contae Dhoire |
|
Statistikk | |
Provins: | Ulster |
Hovudby: | Derry |
Areal: | 2 074 km² |
Folketal (est.): | 213 000 |
Folketettleik: | 103 /km² |
County Londonderry (irsk Contae Dhoire) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.
County Londonderry grenser til Tyrone i sør og Antrim i aust. I vest grenser grevskapet til County Donegal i Republikken Irland og i nord ligg Atlanterhavet. I søraust ligg Lough Neagh.
Den viktigaste byen, som tidlegare var administrasjonsby, er Derry eller Londonderry. Sidan 1973 har ikkje grevskapet hatt noko administrativ funksjon, og er i den samanheng erstatta av distrikt.
Namnet på byen og grevskapet var opphavleg Derry, men på grunn av Londonfirma si deltaking i busetnaden av Ulster fekk han nytt namn. Nordirske nasjonalistar held på det gamle namnet både på byen og grevskapet, og i Republikken Irland nyttast òg forma Derry i offisielle samanhenger.
Grevskapet er nyare enn dei andre på øya. Det vart oppretta seinare då Coleraine vart slått saman med delar av Antrim, Donegal og Tyrone. Årsaka til dette er at byen sine styresmakter ønska å få kontroll over omegnen, og pressa gjennom opprettinga av ein ny administrativ eining.
[endre] Byar og landsbyar i County Londonderry
- Arghadowey
- Ballykelly, Bellagy
- Castledawson, Coleraine
- Derry, Desertmartin, Draperstown, Dumananagh
- Dungiven
- Eglinton
- Feeny
- Garvagh
- Kilrea
- Limavady, Londonderry
- Maghera, Magherafelt, Moneymore
- Portstewart
- Springhill
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Londonderry frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo |