County Down
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
County Down Contae an Dúin |
|
Statistikk | |
Provins: | Ulster |
---|---|
Hovudby: | Downpatrick |
Areal: | 2 448 km² |
Folketal (est.): | 516 000 |
Folketettleik: | 211 /km² |
County Down (irsk Contae an Dúin) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster. Etter omlegginga av lokalstyret i Nord-Irland har det ikkje lenger noko administrativ funksjon, og er i den samanheng erstatta av distrikt. Den tradisjonelle administrasjonsbyen er Downpatrick.
County Down grenser til Armagh i vest og Antrim i nord. I sørvest ligg Louth i Republikken Irland, medan Irskesjøen ligg mot aust og i sør.
Mournefjella omfattar mellom anna Slieve Donard, som er det høgaste punktet i Nord-Irland med 848 moh.. Ved ein annan topp, Slieve Croob har elva Lagan sitt utspring. Ei anna elv som renn gjennom grevskapet er Newry.
Ein del av Down er kjend som Brontë Country, etter Patrick Brontë, faren til Anne, Charlotte og Emily Brontë, som vart fødd i området.
[endre] Byar og landsbyar i County Down
- Annalong, Ardglass
- Belfast (delar av byen, størstedelen ligg i Antrim)
- Ballynahinch, Banbridge, Bangor
- Carryduff, Comber
- Donaghadee, Downpatrick
- Hillsborough, Holywood
- Kilkeel, Killyleagh
- Newcastle, Newry, Newtownards
- Portaferry
Rostrevor
- Saintfield
- Warrenpoint
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Down frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo |