Benjamin Netanyahu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benjamin Netanyahu (fødd 21. oktober 1949 i Tel Aviv), hebraisk בִּנְיָמִין נְתַנְיָהוּ Binyamin Netanyahu, kjend under kallenamnet Bibi, var Israels niande statsminister.
Netanyahu er medlem av det konservative Likud partiet og var statsminister frå april 1996 til mai 1999. Han er den fyrste og hittil einaste israelske statsminister fødd etter opprettinga av staten Israel. Han var finansminister i Ariel Sharons regjering fram til 7. august 2005, då han sa frå seg denne stillinga i protest mot den israelske tilbaketrekkinga frå Gazastripa.