Beagle 2
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beagle 2 var ein mislukka romsondeferd til Mars. Sonden var ein del av den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) sitt Mars Express-prosjekt. Han blei skote opp i lag med modersonden ifrå Bajkonur i Kazakhstan den 2. juni 2003.
Beagle 2 blei frigjeve ifrå Mars Express på veg mot Mars 19. desember 2003. Begle 2 flaug so åleine mot Mars for fem dagar og var tenkt å entra marsatmosfæren morgonen den 25. desember. Kontakt med Beagle 2 blei aldri oppnådd og ein veit ikkje om sonden landa på Mars. Sonden blei meldt tapt av ESA den 6. februar 2004.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisiell heimesida
- Profilen til Beagle 2 hos NSSDC
Denne romutforskingartikkelen som har med ESA å gjera er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.