2. juni
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
2. juni er den 153. dagen i den gregorianske kalenderen (154. under skotår). Det er 212 dagar att av året.
Innhaldsliste |
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Festa della Repubblica i Italia, til minne om overgangen frå monarki til republikk i 1946 |
[endre] Religiøs helgedag
- Festdag for den heilage Niceforus i den gresk-ortodokse kyrkja
[endre] Primstaven
[endre] Namnedag
Noreg | Runa, Runar og Rune |
Sverige | Rutger og Roger |
Danmark | Marcellinus |
[endre] Helgendag i den katolske kyrkja
- Dei heilage Marcellinus og Peter
- Den heilage Erasmus
- Den heilage pave Marcellinus
- Den heilage pave Eugenius I
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 455: Vandalane gjekk til åtak på Roma, plyndra byen i to veker, og forlot han med talrike skattar. Mellom dei keisarinne Eudoxia og døtrene hennar, Eudocia og Placidia.
- 575: Innsetjinga av pave Benedikt I.
- 1858: Donatis komet oppdaga av Giovanni Battista Donati.
- 1896: Sending av elektromagnetiske bylgjer) blei patentert av italienaren Guglielmo Marconi. Radioen var oppfunnen.
- 1946: Italia blei republikk efter ei folkerøysting der kvinner fekk delta for første gong.
- 1949: Transjordan skifta namn til Jordan
- 1953: Elisabeth II av Storbritannia blei krona til dronning i Westminster Abbey.
- 1958: General Charles de Gaulle blei fransk statsminister med utvida fullmakter og eit oppdrag om å ha laga eit forslag til ny grunnlov innan seks månader.
- 1992: Ei dansk folkerøysting sa nei til Maastrichtavtalen.
- 2003: Mars Explorer, ein europeisk romsonde, vart skoten opp
[endre] Noreg
[endre] Fødde
- Sjå òg Fødde den 2. juni.
- 1535: Pave Leo XI, fødd Alessandro Ottaviano de' Medici
- 1835: Pave Pius X, fødd Giuseppe Melchiorre Sarto
- 1840: Thomas Hardy, britisk forfattar
- 1857: Edward Elgar, britisk komponist
- Karl Gjellerup, dansk forfattar og nobelprisvinnar
- 1895: Arild Sandvold, norsk komponist og organist
- 1904: Johnny Weissmuller, amerikansk symjar og filmstjerne
- 1937: Geir Kjetsaa, norsk litteraturhistorikar
- 1946: Lasse Hallström, svensk filmregissør
- 1953: Vidar Johansen, norsk jazzmusikar på saksofon,
[endre] Døde
- Sjå òg Døde den 2. juni.
- 829: Niceforus, patriark av Konstantinopel og seinare helgen
- 1882: Giuseppe Garibaldi, italiensk militærleiar og frigjeringshelt
- 1962: Vita Sackville-West, engelsk forfattar og landskapsgartnar
- 1982: Fazal Ilahi Chaudhry, pakistansk president
- 1990: Rex Harrison, engelsk skodespelar