Baden-Baden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stiftskirche i Baden-Baden | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
---|---|
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Karlsruhe Kreisfri by |
Geografi | |
Flatevidd - By |
140,18 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
54 581 389/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 181 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 76530–76534 |
Telefon-retningsnummer | 07221, 07223 |
Bilnummer | BAD |
Heimeside: www.baden-baden.de |
Baden-Baden er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen ligg på vestsida av Schwarzwald ved breidda av elva Oos i landkreisen Karlsruhe.
[endre] Historie
Kjeldene i Baden-Baden var kjend alt for romarane og grunnleggjinga av byen referer til keisar Hadrian i ein inskripsjon, som er noko tvilsom. Staden fekk namnet Aurelia Aquensis til ære for Aurelius Severus. Det er framleis mogeleg å sjå bitar av dei antikke skulpturane i byen, og i 1847 vart restane av eit godt bevart romersk dampbad oppdaga like nedanfor Neues Schloss.
Byen vart kalla Baden i mellomalderen. Frå 1300-talet til slutten av 1600-talet var Baden-Baden residens for markgrevane av Baden, som gav namn til byen. Dei budde først i Schloss Hohenbaden (det gamle slottet), som ein kan sjå ruinane av på ein ås over byen, men i 1479 flytta dei til Neues Schloss, som ligg i ei åsside nærmare byen, og som er kjend for den underjordiske fangekjellaren. Under trettiårskrigen vart Baden-Baden hardt råka, særleg av franskmenna som plyndra byen i 1643 og brende han til grunne i 1689. Markgreven Ludvig Vilhelm flytta til Rastatt i 1706.
I 1931 fekk byen offisielt det doble namnet Baden-Baden (ei kort form av «Baden i (delstaten) Baden»). Byen slapp unna uten øydeleggjingar under begge verdskrigane. Under den andre verdskrigen låg det ein underavdeling av Flossenburg konsentrasjonsleir i byen. [1] Etter krigen vart Baden-Baden hovudkvarter for dei franske okkupasjonsstyrkene i Tyskland og ein leir for tvangsflytta folk.
Den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij skreiv «Igrot» (Spelaren) medan han var avhengig av å spele på Baden-Baden Casino.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- ↑ Christine O'Keefe.Concentration Camps. www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Baden-Baden frå Engelsk Wikipedia .