Azorehøgtrykket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Azorehøgtrykket er eit stort subtropisk høgtrykk som ofte oppstår nær Azorane i Atlanterhavet, og dannar ein enden av den Nord-Atlantiske oscillasjonen (NAO) i lag med lågtrykka nær Island. Systemet påverkar vêret og klimaet i store områder av Nord-Afrika og Europa. Den tørre lufta frå Sahara og Middelhavslanda fører til subsidens over Azorane.
Om sommaren er lufttrykket i senteret omlag 1025 hPa og flyttar seg mot Den iberiske halvøya, og dannar ofte høgtrykksryggar mot Frankrike, Tyskland og Storbritannia. Dette fører med seg varmt og tørt vêr i desse områda. Visse år er Azorehøgtrykket kraftigare og strekk seg vestover mot Bermuda, og påverker vêret i austlege delar av USA. Amerikanarane kallar dette høgtrykket for Bermudahøgtrykket. Om vinteren flyttar ofte høgtrykket seg sør for Azorane, og trykksvingingar fører til meir variabelt vêr.
Høgtrykket er blokkerande, og har antisyklonsk rotasjon der lufta roterar rundt høgtrykket med klokka. Dette fører til at atmosfæriske bølgjer frå Aust-Afrika forplantar seg vestover mot Nord-Amerika og Karibia, og desse fører somme tider til danninga av tropiske orkanar, særleg i løpet av orkansesongen.