Amiens
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Området Saint Leu i Amiens | |
Plassering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Picardie Somme |
Geografi | |
Flatevidd - By |
49,46 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
135 501 2 740/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 33 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: Offisiell nettside |
Amiens er ein by nord i Frankrike, 120 km nord for Paris. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Somme og hovudstad i regionen Picardie. Byen har om lag 130 000 innbyggjarar.
[endre] Historie
Steinalderkulturen kalla Acheulean vart gjeve dette namnet fordi dei først vart identifisert i Saint-Acheul, ein forstad til Amiens. Under romarrtida var byen, då kalla Samarobriva, ein sentral busetnad for Ambiani, ei av dei største stammene i Gallia. Dei brukte myntar, sannsynlegvis frå Amiens, i det første hundreåret f.kr. I følgje segnet var det ved byporten til Amiens at Sankt Martin av Tours, då han framleis var ein romersk soldat, delte kappa si med ein naken tiggar. St. Honoratus (d. 600 evt.) var den sjuande biskopen i byen.
[endre] Attraksjonar
Amiens katedral (ein verdsarvstad) er den høgaste av dei store «klassiske» gotiske kyrkjene på 1200-talet og den største av sitt slag i Frankrike. Etter at ein brann øydela den tidlegare katedralen, vart den nye katedralen påbyrja i 1220, og stod ferdig i 1247. Amiens katedral er kjend for den samanhengande planløysinga, dei tre vakre nivåa inne i kyrkja, skulpturane på fasaden og tverrskipet, og labyrinten og andre utskjeringar på golvet. Ho har vorte kalla «det gotiske svaret på Parthenon».