Aleksander III av Russland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksander III (russisk språk Александр III Александрович) (10. mars 1845–1. november 1894) var tsar av Russland frå 1881 til 1894. Lenin sin eldre bror, Aleksander Iljitsj Uljanov, deltok i planlegginga av eit komplott mot Aleksander III i 1881. Planane vart avslørt og Aleksander Iljitsj Uljanov vart hengd i 1886. Alexander III var gift med prinsesse Dagmar av Danmark, som etter si overgang til den russisk-ortodokse kyrkja fekk namnet Maria Fjodorovna. Ho hadde tidlegare vore trulova med tsarevitsj (kronprins) Nikolaj Aleksandrovitsj, Aleksander III sin eldre bror som døydde brått i Nice.
Føregjengar: Aleksander II |
Tsar av Russland |
Etterfylgjar: Nikolai II |