See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Łysa Góra - Wikipedia

Łysa Góra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Łysa Góra
Ruinar av eit benediktinarkloster på Łysa Góra
Ruinar av eit benediktinarkloster på Łysa Góra
Høgd over havet 595 moh
Ligg i/på Polen
Fjellkjede Łysogóry, Świętokrzyskiefjella
Koordinatar 50°50′28″N 21°03′24″EKoordinatar: 50°50′28″N 21°03′24″E

Łysa Góra, og kalla Łysiec eller Święty Krzyż er eit velkjend fjell i Świętokrzyskiefjella i Polen. Med ei høgd på 595 meter over havet er fjellet det nest høgaste i fjellkjeda etter Łysica på 612 moh. I fjellsidene og langs toppen er det fleire turstiar, ruinane av ein mur frå 800-talet, benediktinarkloster Święty Krzyż frå 1000-talet (øydelagd under den andre verdskrigen og i dag delvis restaurert), og eit fjernsynstårn. Fjellet vert ofte omtalt i lokale segner som ein stad der hekser hadde sabbaten sin.

Łysa Góra består kvartsitt og kambrisk skifer og ligg aust i fjellkjeda Łysogóry, og er den nest største toppen i den større fjellkjeda Świętokrzyskiefjella.

[endre] Landemerke

Restar av ein gammal tempelmur
Restar av ein gammal tempelmur

I den polske førhistoria var Łysa Góra truleg eit heilag fjell og ein heidensk kult hadde eit tempel her nemnd av Jan Długosz. Ein veg frå tempelet står framleis på fjellet. Tempelet vart forlatt etter kristinga av Polen.

Klosteret om vinteren.
Klosteret om vinteren.

Staden der tempelet låg vart det bygd eit benediktinarkloster, i følgje segnet i 1006 av kong Bolesław Chrobry av Polen. Klosteret fekk namn etter Den heilage krossen fordi ein bit av krossen til Jesus visstnok vart halde her. Klosteret vart øydelagd og bygd opp at fleire gonger og dei største øydeleggingane fann stad på 1800- og 1900-talet. Etter delinga av Polen tok Det russiske keisardømet over bygningen i 1819 og omgjorde det til eit fengsel. Det vart delvis restaurert i mellomkrigstida etter Polen fekk sjølvstende sitt tilbake. Nazi-Tyskland tok så over bygget under den andre verdskrigen og nytta det som fengsel og avretingsplass av sovjetiske krigsfangar (om lag 6000 forsvann her). Etter krigen vart bygget ein del av Świętokrzyski nasjonalpark og delar av bygningane vart renovert. I dag er det museum i enkelte av dei gamle bygningane, medan ein religiøs orden har teke over ein annan del. Klosteret har gjeve namn til sjølve Świętokrzyskiefjella i tillegg til Święty Krzyż-voivodskapet. Klosteret har òg nokre mumifiserte leivningar og eit av desse skal visstnok vere Jeremi Wiśniowiecki, men dette er ikkje stadfesta.

Fjernsynstårnet på toppen
Fjernsynstårnet på toppen

Eit anna byggverk på fjellet er fjernsynstårnet, det høgaste frittståande tårnet i Polen. Det vart bygd i 1966 og har ei høgd på 157 meter over havet.

Dei sovjetiske krigsfangane som vart avretta av nazistane er gravlagd i ei massegrav nær toppen. Ved foten av fjellet står eit monument over polakkane som dødde i Katynmassakren.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Łysa Góra

[endre] Kjelder

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -