Zabajkalskij kraj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Tsjita | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 12. 431 500 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 47. ca. 1 155 300 (2005) |
||||
Føderalt distrikt | Sibir | ||||
Økonomisk region | Aust-Sibir | ||||
Regionsnummer | 75 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Ravil Faritovitsj Geniatullin | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0900 |
Zabajkalskij kraj, (russisk Забайкальский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Territoriet vart danna den 1. mars 2008 då Tsjita oblast vart slått saman med det sjølvstyrte området Aga Burjatia. Hovudstaden er Tsjita, arealet er 431 500 km² og innbyggjartalet er 1 155 000 (2002). Namnet Zabajkalskij kan omsetjast som Bak Bajkal.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Zabajkalskij kraj ligg sør i Sibir, og grensar til Mongolia og Kina i sør. Området består hovudsakleg av mellom-høge fjell, (600-700 meter over havet), men fjellkjeda Kodar i nord når opp til 3000 meter over havet. Omlag halvparten av territoriet er skogkledd, og her er mange innsjøar. Klimaet er kontinentalt, mellomtemperaturen i januar er - 30 grader celsius, i juli + 20 grader celsius. Område i nord har permafrost. Naturressursane omfattar forekomster av gull, molybden, tinn, bly, sink og kol. Matproduksjon i området er hovudsakleg saueal. I liten skala vert det dyrka poteter, grønsaker, kveite, havre, bygg og bokkveite. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.
[endre] Folkesetnad
Den einaste større byen er Tsjita (305 800 ibuarar).
Befolkninga er hovudsakleg russarar, men her bur òg mellom anna mange burjatar, særskilt i Aga Burjatia. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske samansetjinga:
- Russarar: 89,8 %
- Burjatar: 6,1 %
- Ukrainarar: 1,0 %
[endre] Historie
Den første befolkninga ein kjenner i området var burjatar og mongolar. På 1200-talet vart det del av det mongolske riket. Dei første russarane som kom hit var kosakkar i 1653.Allereie i løpet av 1600-talet oppsto dei første permanente russiske støttepunkta. I 1689 vart grensa til Kina regulert ved Nertsjinsk-traktaten. Etter den russiske revolusjonen var Tsjita i hendene på kontrarevolusjonære styrkar, kvitegardistar, mellom 1918 og 1920. Frå 1920 til 1922 var Tsjita hovudstad for den sovjetisk-kontrollerte Fjernaustlege republikken, som i 1922 vart slått saman med den russiske sovjetrepublikken. Tsjita oblast vart oppretta i 1937. Det autonome distriktet Aga Burjatia var underlagt Tsjita oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart både Tsjita oblast og Aga Burjatia eigne føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Ved det siste valet til lovgjevande forsamlinga i Tsjita oblast, 17. oktober 2004, vart Sameint Russland det klart største partiet, med 35,6 % av røystene. Den 1. mars 2008 vart Tsjita oblst slått saman med Aga Burjatia, etter ei folkerøysting.