Ukrainarar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ukrainarar (ukrainsk Українці, 'ukrajintsi'), er ei aust-slavisk folkegruppe. Dei bur hovudsakleg i Ukraina og har ukrainsk som morsmål. Medan det òg er vanleg å kalla alle innbyggjarane i Ukraina for ukrainarar, er det berre 77,8 % av dei som er ukrainarar i etnisk forstand.
Det finst om lag 45 millionar ukrainarar i verda. Ved folketeljinga i Ukraina i 2001 oppga 37 541 693 menneske å vera av ukrainsk etnisitet. Dette utgjorde 77,8 % av folkesetnaden i Ukraina.[1] Størstedelen av områda der det bur ukrainarar har vore underlagt russisk styre i fleire århundre, noko som har ført til ei viss russifisering av ukrainarane. I 2001 oppga 14,8 % av dei som oppga ukrainsk etnisitet at morsmålet deira var russisk, resten snakka ukrainsk som morsmål.[2]
Det finst òg minoritetar av ukrainarar i mange av dei tidlegare sovjetrepublikkane. Folketeljinga i Russland 2002 viste 2 940 000 ukrainarar i Russland, i Kasakhstan i 1999 var det 547 000 ukrainarar, i Moldova er det om lag 375 000 ukrainarar og i Kviterussland om lag 248 000.
Av utvandrargrupper av ukrainsk opphav finst det om lag 1 100 000 i Canada, 1 000 000 i Brasil og 900 000 i USA.
Ukrainarane har tradisjonelt vore ortodokse kristne, anten tilknytt Moskva-patriarkatet eller eit eige patriarkat i Kiev, men ein del av ukrainarane har òg tradisjonelt vore katolske kristne.