Katt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katt er eit kjæledyr og rovdyr frå kattefamilien. Tamkatten (Felis silvestris catus) stammar frå villkatten, og er òg kjend som huskatt, pusekatt, kattepus og berre katt eller pus. Tamkatten har stundom gått under det latinske namnet Felis silvestris domesticus.
Innhaldsliste |
[endre] Avstamming
Tamkatten skil seg frå villkatten, Felis silvestris, i temperament, pels, storleik og tannplassering, og er ikkje like resistent mot visse blodkreftsjukdomar som vert spreidde gjennom virus. Ofte vert forvilla tamkattar ukorrekt kalla for «villkattar».
Katten har truleg oppstått av den nordafrikanska villkattrasen Felis silvestris ssp. lybica, som er ganska lett å temje, eventuelt para med europeisk villkatt. Kor lenge katten har levd nær menneske, er uklårt, det vert tala om mellom 9000 og 15000 år. Egyptarane er blant dei som i lengst tid har hatt katt som husdyr.
[endre] Kattar vs. større katteartar
Bortsett frå storleiken er det ikkje så mykje som skil ein villkatt frå t.d. ein tiger. Tigeren er likevel meir aggressiv og har meir musklar i høve til storleiken. Katten er dessutan ein meir opportunistisk jeger på den måten at han kan drepe og ete langt fleire artar. For store kattedyr som tigeren vil det vere sløsing av energi å jakte på mus, sett i høve til den vesle næringa ein får tilbake på det. Unntaket er leoparden som òg jagar mindre dyr.
Ein annan skilnad er at kattar ikkje kan brøle, og at dei kan male både når dei pustar inn og ut.
[endre] Vanar
Katten kan kommunisere med menneske ved å mjaue. Det varierer frå katt til katt kor mykje han mjauar. Ein katt kan mjaue på ulike måtar, og dermed formidle ulike bodskapar. Ein vanleg grunn til at katten mjauar, er at han ber om noko, t.d. å få mat eller få gå ut. Han kan også mjaue når han vil helse på nokon eller vil leike.
Katten nyttar halen til å halde balansen. Halen kan òg formidle sinnsstemninger; ein hale som peikar rett opp, inneber at katten kjenner seg tilfreds, medan ein hale som piskar fram og tilbake, indikerer at katten er sint eller spent framføre eit åtak mot eit bytte.
Huskatten søv om lag 16 timar per dag.
[endre] Genetikk
Spontant muterte katter med blå auge og kvit pels har ein høgare genetisk risiko for å verte fødde døve. Kvite rasar vert derimot ikkje omfatta av denne defekten, det har å gjere med den dominante W-genen.