Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
nn |
Denne brukaren har norsk som morsmål og meistrar nynorsk. |
|
|
nb |
Denne brukeren har norsk som morsmål og behersker bokmål. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Eg heiter Endre Brunstad, kjem opphavleg frå Sykkylven, men bur i Bergen.
Eg arbeider som fyrsteamanuensis i fagdidaktikk ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen med særleg ansvar for norsklærarutdanninga. I tillegg har eg ei 20 prosent stilling som fyrsteamanuensis II ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i Volda.
[endre] Utdanning
Av utdanning er eg dr.art. med avhandlinga “Det reine språket. Purisme i dansk, svensk, færøysk og norsk” frå 2001 (litt kan lesast her: [1] og cand.philol. med hovudfagsoppgåva “Nasjonalisme som språkpolitisk ideologi. Om nynorsk, frisisk og færæysk målreising” frå 1994. Andre fag i fagkrinsen er historie mellomfag, sosialantropologi grunnfag og praktisk-pedagogisk utdanning. Doktorgraden og hovudfaget har eg frå Universitetet i Bergen, men elles har eg studert ved det som i dag heiter Høgskulen i Volda og ved Rijksuniversiteit Groningen.
[endre] Ute i verda
Som NFR-stipendiat og postdoktor har eg hatt forskingsopphald ved Institut for Dansk Dialektforskning, Københavns Universitet, ved Føroyamálsdeildin, Fró∂skaparsetur Føroya, og ved Humboldt-Universität zu Berlin. Eg var elles leiar i Noregs Mållag frå 2003–2005.