See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Dílos - Wikipedia

Dílos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dílos
Lokalt namn: Δήλος
Antikke ruinar på Delos
Antikke ruinar på Delos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°24′N 25°16′EKoordinatar: 37°24′N 25°16′E
Øygruppe Kykladane
Areal 40 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Prefektur
Sør-Egearhavet
Kykladane
Demografi
Folketal 0 (2006)

Dílos (gresk: Δήλος, òg kalla Delos) er ei øy i Hellas som ligg om lag midt i Kykladane i Egearhavet. Øya ligg nær Mykonos og var ein heilag stad i eitt millenium før olympisk gresk mytologi gjorde øya til fødestaden til Apollo og Artemis. Frå den Heilage Hamna kan ein sjå to kjegleforma jordhaugar som var heilagdomar for Dionysos. Den eine av dei vart i eldre tidar kalla Kynthosfjellet,

The island of Delos, Carl Anton Joseph Rottmann, 1847
The island of Delos, Carl Anton Joseph Rottmann, 1847

Som eit religiøst senter var Delos langt viktigare enn dei få naturresursane ein kunne finne her.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Utforsking av antikke steinhytter indikerar at øya har vore busett sidan om lag 3000 fvt. Thukydides skriv at dei første innbyggjarane var karianske sjørøvarar som vart driven bort av Kong Minos av Kreta[1] På tida til Odyssevs var øya alt kjend som fødestaden til tvillinggudane Apollo og Artemis, og mellom 900 fvt. og 100 evt. var Delos eit stort senter for gudsdyring av mellom anna Dionysos og titanessa Leto, mor til Apollo og Artemis.

Dílos: Agora av Competaliastae.
Dílos: Agora av Competaliastae.

Bystaten Athen utførte fleire oppryddingsprosjekt på øya for at ho skulle vere så høveleg som mogeleg for dyrking av gudane. Mellom anna vart alle gravene innafor tempelområde gravd opp og flytta til områda utafor. Under peloponnesarkrigen, etter instruksjonar frå orakelet i Delfi, vart alle døde menneske fjerna frå heile øya. Det vart så gjeve ordre om at ingen skulle få lov til å verken døy eller føde på øya, og ho skulle vere nøytral innan handel sidan ingen kunne kreve eigarskap over ho gjennom arv. Like etter denne oppryddinga vart dei første deliske spela halde her. [2]

Etter persarkrigane vart øya ein nøytral møtestad for Det athenske sjøforbundet (óg kalla det deliske forbundet), som vart grunnlagd i 478 fvt.. Fellesskatten til forbundet vart halde her fram til 454 fvt., då Perikles flytta han til Athen. [3]

Sidan 1873 har Ecole Française d'Athenes («Den franske skulen i Athen») gjort utgravingar på øya, og bygningskomplekset vert samanlikna med det ein finn i Delfi og Olympos.

Øya har ikkje kapasitet for produksjon av mat, fiber eller tømmer, som vart importer. Avgrensa vassressursar vart utnytta ved hjelp av cisterner og akvedukter, brønnar og avløp. Det største slavemarkedet for området vart óg halde her.

I 1990 vart Dílos ein del av UNESCO si verdsarvliste.

[endre] Landemerker

Løveterrasen på Dílos.
Løveterrasen på Dílos.
  • Den litle Heilage Innsjøen i ein sirkulær kum, som i dag er tørr.
  • Den minosiek fontenen var ein firkanta offentleg brønn i stein. Ho forestilte den heilage kjelda på 500-talet fvt..
  • Det er fleire markedsplassar.
  • Det deliske tempelet er eit klassisk døme på den doriske ordenen.
  • Løveterrasen var tileigna Apollo av folket på Naxos kort tid før 600 fvt. og bestod opphavleg av tolv løver i marmor langs Den heilage vegen.
  • Poseidoniasthallen av Beirut husa kjøpmenn, skipseigarar og krovertar under dei første åra med romersk styre.
  • Plattformen Stoibadeion tileigna Dionysos har ein statue av guden.
  • Det doriske Isistempelet vart bygd i byrjinga av romartida.
  • Heratempelet, om lag 500 fvt., er ein rekostruksjon av eit tidlegare Heraion på same stad.
  • Dionysushuset er ein privat luksusheim frå 100-talet kalla opp etter golvmosaikken som viser Dionysos ridande på ein panter.
  • Delfinhuset er kalla opp etter mosaikken der Erotes rir delfinar.

[endre] Fotnotar

  1. Thukydides, I,8.
  2. Thukydides, III,104.
  3. Thukydides, I,96.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Dílos

[endre] Kjelde


Kykladane

Amorgos • Anafi • Andros • Antiparos • Delos • Ios • Kea • Kimolos • Kythnos • Milos • Mykonos • Naxos • Paros • Folegandros • Santorini • Serifos • Sifnos • Sikinos • Syros • Tinos


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -