See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Central-linja - Wikipedia

Central-linja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Linjer i
London Underground
  Bakerloo
  Central
  Circle
  District
  Hammersmith & City
  Jubilee
  Metropolitan
  Northern
  Piccadilly
  Victoria
  Waterloo & City
 
  Docklands Light Railway
  London Overground

Central-linjen er ei linje i London Underground. Den går på djupt nivå frå aust til vest gjennom London, og er den lengste linja i undergrunnsnettet. Før strekninga frå Epping til Ongar blei stengt var Ongar den stasjonen som låg lengst frå London sentrum. Linja er i dag markert med raud farge på undergrunnskartet.

Den eldste delen av linja, frå Shepherd's Bush til Bank, følgjer dei samanhengande gatene over bakken; Holland Park Avenue - Bayswater Road - Oxford Street - New Oxford Street - High Holborn - Holborn- Holborn Viaduct - Newgate Street - Cheapside - Poultry.

Metronet Rail er ansvarleg for vedlikehald og utvikling av stasjonar og linjemateriell etter den privat-offentlige avtalen mellom britiske transportmyndigheiter og to private jernbaneforetak.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Linja blei først opna under namnet Central London Railway i 1900. Den gjekk då mellom Shepherd's Bush og Bank. I 1908 blei den utvida vestover til Wood Lane Exhibition, ein stasjon som blei oppretta i samband med den fransk-britiske utstillinga som blei arrangert det året. Austover blei den utvida til Liverpool Street i 1923.

Nye utvidingar følgde i 1930-åra, og vidare arbeid heldt fram ved utbrotet av andre verdskrig. Ein uferdig tunnel blei då brukt som ammunisjonsfabrikk, ettersom den var svært godt verna mot bombing. Denne seksjonen blei opna i 1947.

Lancaster Gate undergrunnsstasjon på Central-linja
Lancaster Gate undergrunnsstasjon på Central-linja

Central-linja var den første som innførte regelmessige høgtalarmeldingar om neste stoppestad og om kva linjer ein eventuelt kan bytte til der. Annonseringane er ferdig innspelt og blir automatisk sendt over høgtalaranlegget på rett stad.

Linja fekk automatisk togstyringssystem i 1996, og dette blei teke i bruk over ein periode på nokre få år. Toga er nå automatiske, og føraren treng berre å stenge dørene og trykke på ein startknapp, så kjører toget i trygg fart til neste stasjon og stoppar der.

Strekninga mellom Epping og Ongar blei nedlagt i 1994. Den hadde aldri vore nytta av normal trafikk, og den einaste årsaka til at den eksisterte var at det ved Ongar låg ein stor bunker som skulle blir brukt av myndigheitene i tilfelle krig. Denne blei nedlagt i 1994, og det var då ikkje lenger behov for strekninga.

25. januar 2003 spora eit tog av ved Chancery Lane, etter at ein trekkmotor fall av og hamna på sporet. 32 passasjerar blei skadde. Heile linja blei stengt til ein hadde funne årsaka til at motoren fall av og til det blei gjort utbetringar på materiellet. I mars 2003 var eit avgrensa tilbod i drift, og i løpet av april kom linja i full drift igjen.

[endre] Kart

Kart over Central-linja

[endre] Stasjonar

Frå vest mot aust

[endre] West Ruislip-greina

  • Endestasjon: West Ruislip
  • Ruislip Gardens
  • South Ruislip
  • Northolt
  • Greenford
  • Perivale
  • Hanger Lane

Greina sluttar seg til hovudlinja ved North Acton

[endre] Ealing Broadway-greina

  • Endestasjon: Ealing Broadway
  • West Acton

Greina sluttar seg til hovudlinja ved North Acton

[endre] Hovudlinja

  • North Acton
  • East Acton
  • White City
  • Wood Lane (nedlagd 1947)
  • Shepherd's Bush
  • Holland Park
  • Notting Hill Gate
  • Queensway
  • Lancaster Gate
  • Marble Arch
  • Bond Street
  • Oxford Circus
  • Tottenham Court Road
  • British Museum (nedlagd 1933)
  • Holborn
  • Chancery Lane
  • St. Paul's
  • Bank
  • Liverpool Street
  • Bethnal Green
  • Mile End
  • Stratford
  • Leyton
  • Leytonstone

Linja blir delt i to greiner etter Leytonstone

[endre] Woodford-greina

  • Wanstead
  • Redbridge
  • Gants Hill
  • Newbury Park
  • Barkingside
  • Fairlop
  • Hainault

Ved Grange Hill kryssar linja grensa mellom Stor-London og Essex

  • Grange Hill
  • Chigwell
  • Roding Valley

Endestasjon: Woodford

[endre] Ongar-greina

  • Snaresbrook
  • South Woodford
  • Woodford

Mellom Woodford og Buckhurst Hill blir grensa mellom Stor-London og Essex kryssa

  • Buckhurst Hill
  • Loughton
  • Debden
  • Theydon Bois
  • Endestasjon: Epping

Tre ytterlegare stasjonar blei tidligare nytta med ekstratog, men er nå nedlagt

  • North Weald (nedlagd 1994)
  • Blake Hall (nedlagd 1981)
  • Ongar (nedlagd 1994)

[endre] Ekstern lenkje

[endre] Kjelder


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -