Victoria-linja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linjer i London Underground |
||||||||||||||||||||||||||||
|
Victoria-linja er ei linje i London Underground. Den ligg på djupt nivå, og går frå Brixton i sørvest til Seven Sisters og Walthamstow i det nordaustlege London. Linja blei bygd i 1960-åra for å avlaste eldre linjer som var overbelasta, spesielt Piccadilly-linja, og den opna i 1968. Den blei konstruert for å tillate så mange linjebyter som mogleg, men samstundes med god avstand mellom stasjonane for å kunne få høg fart. Med unnatak av depotet går heile linja under bakken. Victoria-linja er merka av med lys blå farge på undergrunnskartet.
Ansvarleg for vedlikehald og utvikling av stasjonar og linjemateriell etter den privat-offentlege avtalen mellom britiske transportstyresmakter og to private jarnbaneføretak (Public-Private Partnership) er Metronet Rail.
Mange av stasjonane langs linja blei bygde om for å tillate passasjerane å byte linje så enkelt som mogleg. I nokre tilfelle blei Victoria-linja plassert ved sida av eksisterande linje, og i andre blei den køyrd inn på ei eldre plattform medan ei ny blei bygt til den eldre linja.
Pr. februar 2005 hadde linja 43 tog av 1967-modell. Kvart tog har åtte vogner fordelte på to samankopla togsett. Toga er automatiske; togføraren treng berre å lukke dørene og trykkje på ein startknapp. Deretter sørgjer det automatiske togstyringsystemet for at toget køyrer i trygg snøggleik til neste stasjon og stoppar der. Systemet har vore i drift sidan linja opna. Nye togsett blir leverte av Bombardier Transportation i perioden 2009-2012. Bilete av desse finst på Heimesidene til Metronet Rail.
[endre] Kart
[endre] Stasjonar
Frå nord til sør
|
- Denne artikkelen bygger på «Victoria-linja» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juni 2008.