Piccadilly-linja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linjer i London Underground |
||||||||||||||||||||||||||||
|
Piccadilly-linja er ei linje i London Underground. Den går på djupt nivå, mellom det nordaustlege og det vestlege London, men store delar av strekninga går i dagen. Den blei opna i 1906, og heitte opphavleg Great Northern, Picadilly & Brompton Railway. Den har mørk blå farge på undergrunnskartet.
Det var eigentleg planlagt tre separate linjer, Great Northern and Strand Railway, Brompton and Piccadilly Circus Railway og Deep-Level District. Desse skulle saman gå mellom Finsbury Park og Hammersmith. Under planlegginga blei desse slått saman til ei linje.
I 1930-åra blei den kraftig utvida. Den tok over delar av skjenegangen til District-linja til Hounslow West og Uxbridge i vest og til Cockfosters i nordaust. Stasjonane på desse utvida strekningane er kjende for art deco-dekorasjonane sine.
I 1977 blei Hounslowgreina utvida til Heathrow Central. I 1984 blei denne stasjonen døypt om til Heathrow Terminal 1,2,3, då linja blei utvida til Heathrow Terminal 4. I januar 2005 blei stasjonen ved terminal 4 stengd på grunn av arbeid med ein framtidig stasjon ved terminal 5, ein ny del av flyplassen som då var under utbygging.
Frå 1907 til 1994, med unnatak av åra under andre verdskrig, gjekk det eit kort grein frå Holborn til Aldwych.
[endre] Kart
[endre] Stasjonar
Frå vest til aust
Uxbridge-greina
|
Heathrow-greina
|
Fellesstrekning
|
- Denne artikkelen bygger på «Piccadilly-linja» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juni 2008.