Brussel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grand Place eller Grote Markt i Brussel | |||||
|
|||||
Kallenamn «Europas hovudstad» |
|||||
Plassering | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kart som viser Brussel sin plassering Belgia | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region |
Belgia Hovudstadsregionen Brussel |
||||
Grunnlagd | 979 | ||||
Ordførar | Freddy Thielemans | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
162 km² |
||||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik - Storbyområde |
140 000 200/km² 1 975 000 |
||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 13 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
||||
Diverse annan informasjon | |||||
Heimeside: www.brussels.irisnet.be |
Brussel (ndl. Brussel, fr. Bruxelles, ty. Brüssel, jid. בריסל [Brisl]) er hovudstaden i Belgia og delstaten Flandern. Han blir òg rekna som hovudstaden i EU.
Området kring Brussel utgjer ein sjølvstendig region som ligg som ein enklave i Flandern. Det tilhøyrer verken det nederlandsktalande Flandern eller det fransktalande Vallonia, og både nederlandsk og fransk er offisielle språk i byen.
Opprinneleg vart byen grunnlagt på den litle øya Saint-Gery (Sint-Gorik) midt ute i elva Zenne, der Charles (son av Ludvig IV av Belgia) omkring 979 bygde eit lite fort. Resten av det området som Brussel er bygd på i dag, var opprinneleg myr. Elva Senne, som går midt gjennom byen, vart overbyd under kongen Leopold II av Belgia. Sankt Mikael (Saint-Michel, Sint-Michiels) er skytsengel for byen.
I Brussel ligg mange av EU-institusjonane, inkludert EU-kommisjonen og det eine av Europaparlamentet sine to møtestader (det andre ligg i Strasbourg), og dessutan hovudkvarteret til NATO.
Innhaldsliste |
[endre] Region
Området omkring Brussel, kalla Région Bruxelles-Capitale eller Brussels Hoofdstedelijk Gewest, er ein av tre regionar i Belgia, og har 19 kommunar. Regionenen er ein enklave i Flandern og har 1 975 000 innbyggjarar, mens sjølve bykommunen Brussel har 145 000 innbyggjarar.
Regionen Brussel høyrer ikkje til verken det nederlandsktalande Flandern eller det fransktalande Vallonia, men har sidan 18. juni 1989 vore ein likeverdig autonom region med sitt eige parlament og regjering.
Brussel og organiseringa av adminstrasjonen i byen var lenge eit hett politisk tema i Belgia. Det flamske synspunktet var at Brussel var ein flamsk by og burde bli verande som ein del av Flandern. I tillegg frykta den flamsktalande folkesetnaden at ein ny autonom region ville føre til at landet fekk to fransktalande regionar, då Brussel med åra har fått ein stor overvekt av fransktalande innbyggjarar. Den fransktalande folkesetnaden meinte dei hadde gradvis tatt kontroll over byen gjennom kommunevala og at ei oppretting av ein region dermed ville svekke denne kontrollen til fordel for ein lingvistisk likskap [1].
[endre] Språk
Både fransk og nederlandsk er offisielle språk i byen og regionen, men størstedelen av innbyggjarane (ca. 85-90 %) har fransk som morsmål. Opphavleg var Brussel nederlandsktalande, og ved Belgia si lausriving frå Nederlanda i 1830 talte berre 15 % av folkesetnaden fransk. I dag har innbyggjarane krav å bli møtt med det språket dei sjølv snakkar når dei kontaktar styresmaktene og desse språkrettane er nedfeldt i ei lov.
[endre] Historie
[endre] Nedre Lorraine vert skild ut frå Det tysk-romerske riket
I 977 ga den tyske keisaren Otto II Nedre Lorraine, som låg ved den vestre grensa av Det tysk-romerske riket, til Karl av Nedre Lorraine. Karl av Nedre Lorraine var den franske kongen Ludvig IV sin bannlyste son, og allereie på det tidspunktet var Brussel omtalt. Ein reknar byen for grunnlagd då Karl av Nedre Lorraine oppførte eit lite fort i 979 på øya Sint-Gorik (fransk: Saint-Géry), som ligg i elva Zenne (Senne).
I samband med Karls død på slutten av 900-talet tok Lambert I av Leuven kontrollen over Nedre Lorraine. Under Lambert II av Leuven si regjeringstid vart dei første bymurane bygd og den litle byen vart på 1100-tallet eit viktig knutepunkt på vegen mellom Brugge og Køln. På denne tida bytta grevane av Leuven namn til greve av Brabant og Brussel vart hovudstad for hertugdømet Brabant.
[endre] Brussel underlagt Nederlanda
Frå 1400-talet vart Brussel residensby for dei burgundiske hertugane som samla Nederlanda og forsøkte å sameine dei nederlandske provinsane med Burgund (Bourgogne).
Under Karl V vart byen hovudstad for heile Nederlanda.
[endre] Solkongen beleirar byen
I 1695 beleira solkongen Ludvig XIV av Frankrike byen og ca. 4000 hus vart lagd i grus. Gjenoppbygninga ga plass til dei mange flotte bygningane som ein dag kan sjå på Grand Place (Grote Markt), eit torg som vart oppført på UNESCO si verdsarvsliste i 1998.
[endre] Habsburgsk herredøme
Brussel var under spansk-habsburgsk, seinare austerriksk-habsburgsk herredøme fram til 1794, då franske revolusjonstroppar inntok dei austerrikske Nederlanda og innlemma det som ein del av Frankrike. Dei franske troppane sitt nederlag under keiser Napoleon vart avgjort nokre få kilometer frå byen, i den litle byen Waterloo. Etter Napoleons fall i 1813 vart dei sørlege- og nordlege Nederlanda gjenforent i Kongeriket Nederlanda, og Brussel vart ein av stadane der motstanden mot det «hollandske» styret spira fram.
[endre] Den belgiske revolusjonen
I 1830 braut det ut spontane opprør i byen etter operaførestillinga Le Muette de Portici (De Stomme van Portici) ved De Munt-teateret (fransk: La Monnaie). Opprøra var starten på den belgiske revolusjonen som førte til at dei sørlege Nederlanda vart uavhengig under namnet Belgia 21. juli 1831. Brussel vart hovudstad i landet og sete for den første kongen, Leopold I av Belgia.
Under Leopold II si regjeringstid gjekk byen gjennom mange forandringar. Elva Zenne vart overbygd då den førte sjukdomar med seg, jarnbanen vart bygd ut og Tervuren-avenyen vart tegna.
[endre] Den første verdskrigen
Under Den første verdskrig vart Brussel erklært for «open by», så ingen kamphandlingar fann stad i byen.
[endre] Den andre verdskrigen
Frå 10. mai 1940 vart Brussel bomba av den tyske hæren, men mesteparten av skadane skjedde mot slutten av krigen i 1944 - 1945.
[endre] Brussel etter den andre verdskrigen
Hovedstadsregionen Brussel vart oppretta 18. juni 1989.
[endre] Heyzel stadion-tragedien
Heyzel stadion-tragedien skjedde i Brussel 29. mai 1985 i samband med finalen i Serievinnercupen i fotball mellom engelske Liverpool FC og italienske Juventus FC. Ein time før kampstart reiv Liverpooltilhengarane ned gjerdet som skilde dei to supportargruppene. Juventustilhengarane vart pressa tilbake mot ein falleferdig vegg, som kollapsa over dei. Trass i denne ulykka vart kampen spelt, ein kamp Juventus vann med 1-0 etter straffespark av Michel Platini. 39 menneske omkom, hovudsakleg Juventustilhengarar. Liverpool vart seinare utestengd frå alle europeisk fotballturneringar i seks år og alle andre engelske fotballklubber vart utstengd i fem år.
[endre] Attrakasjonar
- Atomium vart laga til verdsutstillinga i Brussel i 1958 og førestiller eit jernmolekyl, forstørra 165 milliardar gongar. Monumentet er 103 meter høgt.
- De Munt-teateret (fransk: La Monnaie). Teateret spelte ei sentral rolle i Belgia sin kamp for sjølvstende.
- Erkeengelen Mikael og Gudula katedralen er ei gotiske domkyrkje kalla opp etter byen sin skytsengel, Erkeengelen Mikael.
- Grand Place (nederlandsk: Grote Markt) er eit torg som vart oppført på verdsarvlista i 1998.
- Koekelbergbasilikaen er den femte største kyrkja i verda, bygd i art deco-stil og er 89 meter høg og 167 meter lang.
- Det kongelege slott i Brussel.
- Manneken Pis er ein liten bronseskulptur av ein liten gut.
- Jeanneken Pis er ein liten bronseskulptur av ei lita jente.
- Mini-Europa inneheld kopiar av kjende landemerker i Europa, som er minska ned til ein skala 1:25.
[endre] Hovudstadsfunksjonar og diplomatisk verdssenter
Brussel vert ofte rekna som hovudstad for EU då fleire av dei viktigaste EU-institusjonane er lagt her:
- EU-kommisjonen
- EU-rådet
- EU-parlamentet
- Regionrådet
- Økonomisk og sosial komité
EFTA sin faste komité og EFTAs overvåkingsorgan sine kontor er òg lokalisert i Brussel, saman med i alt 120 internasjonale institusjonar. Medrekna 159 ambassadar har byen totalt fleire enn 2 500 diplomatar, som gjer at Brussel er det nest største senteret for diplomatisk verksemd i verda etter New York.
Brussel er vertsby for NATO sitt hovudkvarter.
[endre] Tidslinje
- 979 – Byen vert rekna som grunnlagd då Karl av Nedre Lorraine oppførte eit lite fort på øya Sint-Gorik.
- 1695 – Solkongen Ludvig XIV av Frankrike beleira byen og ca. 4000 bygninga vart lagt i grus.
- 1794 – Franske revolusjonstroppar inntok dei austerrikske Nederlanda og innlemma det som ein del av Frankrike.
- 1831 – Dei sørlege Nederlanda vert sjølvstendig under namnet Belgia 21. juli med Brussel som hovudstad.
- 1985 – 39 menneske døyr i Heyzel stadion-tragedien i samband med finalen i Serievinnercupen i fotball mellom engelske Liverpool FC og italienske Juventus FC.
- 1989 – Hovudstadsregionen Brussel vart oppretta 18. juni.
- 1998 – Grand Place vart oppført på UNESCO si verdsarvsliste.
[endre] Referansar
[endre] På verdsveven