Wuhan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wǔhàn (Hànzì: 武汉)) er ein kinesisk storby som er hovudstad i provinsen Húběi i det sentrale Kina. Folketalet innafor bygrensene var i 2004 omtrent 4 104 000, men heile storbyområdet har 7,16 millionar innbyggarar.
Namnet Wǔhàn tyder "Den djerve kinesar" og er ei moderne samantrekking av tre andre bynamn. Byen vart til i 1950 då regjeringa slo saman tre separate byar som nesten hadde vokse saman. Den viktigaste av dei tre var Wǔchāng, dei andre var Hànkǒu og Hànyáng.