Vestfirðir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestfirðir (Vestfjordane på norsk) er ei halvøy nordvest på Island. Ho er forbunde til resten av Island via eit 7 km breidt eid mellom Gilsfjörður og Bitrufjörður. Vestfirðir er særs kupert og langs kysten stikk fleire fjordar inn i dei bratte fjellsidene. Klippene ved Látrabjarg består av det lengste fuglefjellet i Nord-Atlanteren og er det vestlegaste området på Island. Isbreen Drangajökull ligg heilt nord på halvøya og er den femte største i landet, men den einaste isbreen i området.
Sidan ho er så kupert er området ikkje passande for jordbruk, men gode naturlege hamner i dei mange fjordane og gode fiskeområde i nærleiken er viktige for den lokale økonomien. Vestfirðir er tynt folkesett og i 2004 budde det totalt 7 700 innbyggjarar i området. Den største byen er Ísafjörður (om lag 3000 innbyggjarar), som er eit senter for handel, administrasjon og transport i området.
[endre] Busetnadar i Vestfirðir
- Bolungarvík
- Brjánslækur
- Ísafjörður
- Tálknafjörður
- Flateyri
- Suðureyri
- Súðavík
- Bíldudalur
- Þingeyri
- Patreksfjörður
- Skálanes
- Reykjanes
- Hólmavík
- Drangsnes
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Westfjords frå Engelsk Wikipedia .