Vest-India
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Vest-India er òg ei eldre nemning på Karibia
Vest-India er eit område i India som femner om statane Maharashtra, Gujarat, Goa og unionsterritoria Daman og Diu og Dadra og Nagar Haveli. Kulturelt er regionen er eit bindeledd mellom Nord- og Sør-India, men med mange eigne særtrekk.
Dei viktigaste språka i området er gudjarati, marathi, hindi (i Bombay) og konkani og malvani i sør.
Ganesja er ein svært viktig guddom i Vest-India.