Vasaætta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Vasaætta (svensk: Vasaätten eller Wasa) er ei adelsætt som kan sporast attende til 1300-talet. Den siste på mannssida i ætta var Johan II Kasimir av Polen, som døydde i 1672. Den siste kvinna var dronning Kristina av Sverige, som døydde i 1689.
Slektsnamnet Vasa vart nytta først mot slutten av 1500-talet og kjem av slekta sitt våpenmerke. På våpenmerket finst den såkalla vasakärven, som vert tolka som ein vase (kärve). Namn på medlemer av slekta vert mest rett skrive Personnamn Patronymikon (Vasa), då ingen av dei har hatt Vasa som namn.
Stamfar: Nils Kettilsson (Vasa), fogd på Stockholms slott og frå 1367 häradshövding i Frötuna skipreide i Roslagen.
Huset Vasa var regerande kongehus i Sverige frå Gustav Vasa (eigetleg berre Gustav; Vasa er lagd til etterpå) kom på trona i 1523 til Kristina sa frå seg trona i 1654. I Polen ætta kongehus frå Sigismund av Polen og sønene Vladislav IV av Polen og Johan II Kasimir av Polen frå år 1587 til år 1668. Vasaætta vart i Sverige avløyst av Pfalzætta, ætlingar av Katarina Vasa.
[endre] Vidgjetne medlemer av ætta
- Erik Johansson (Vasa) far til Gustav Vasa, avretta i Stockholms blodbad i 1520.
- Gustav Vasa konge av Sverige frå 1523.
- Erik XIV av Sverige, son av Gustav Vasa
- Johan IIIav Sverige, son av Gustav Vasa
- Sigismund av Sverige og Polen
- Karl IX av Sverige, son av Gustav Vasa
- Gustav Eriksson Vasa
- Gustav II Adolf
- Vladislav IV av Polen, konge av Polen og storfyrste av Litauen
- Johan II Kasimir, konge av Polen og storfyrste av Litauen
- Kristina av Sverige
[endre] Sjå òg
- Svenske regentar
- Polske regentar