Turid Farbregd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turid Farbregd (f. 8. mars 1941) er ein norsk filolog, leksikograf og omsetjar. Ho har vore norsk statsstipendiat sidan 1995.
Etter utdanning i nordisk og finsk ved Universitetet i Oslo arbeidde Farbregd som norsklektor ved Universitetet i Helsingfors fram til ho vart statsstipendiat. På 1970-talet omsette ho også bøker frå finsk til norsk. Frå og med 1980-talet har ho arbeidd spesielt med estisk og med estarane sin situasjon. Særleg i tida før det estiske sjølvstendet utgjorde Farbregd aleine ein kulturinstitusjon, gjorde situasjonen i Estland kjend i Norden, og omsette skjønnlitteratur frå estisk til norsk.
Farbregd fekk Bastianprisen i 1989 for å ha omsett eit utval av dikta til Jaan Kaplinski frå estisk til norsk (utgjeve av Gyldendal under tittelen Same hav i oss alle i 1988).
Som leksikograf har Farbregd grunnlagt leksikografien mellom norsk og finsk og mellom norsk og estisk. Ho står som forfattar eller medforfattar av samtlege ordbøker mellom desse språkpara.
[endre] Bibliografi
- Farbregd, Turid 1969: Stadnamn frå Drivdalen. IX, 217 bl. : ill. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Oslo, 1969.
- Farbregd, Turid og Aili Kämäräinen. Finsk-norsk norsk-finsk lommeordbok. Oslo : Kunnskapsforlaget, 1978. 636 s.
- 82-573-0116-7
- Farbregd, Turid og Hannele Seppinen 1993: Finsk-norsk ordbok. Oslo : Universitetsforlaget, c1993. XXII, 271 s.
- Farbregd, Turid ja Gennadi Jagomägi 1997: Eesti-norra sõnastik = Estisk-norsk ordliste. Tartu : Ilmamaa, 1997. 150 s.
- Farbregd, Turid, Sigrid Kangur, og Ülle Viks 1998: Norsk-estisk, estisk-norsk ordbok = Norra-eesti, eesti-norra sõnaraamat. Tallinn : Stiftelsen estisk språk, 1998. 756 s.
[endre] Bibliografi, omsetjingar
- Farbregd, Turid 1974: Finske eventyr ; illustrert av Erkki Alajärvi. Oslo : Samlaget, 1974. 139 s. : ill.
- Farbregd, Turid 1977: Finske noveller, utval og omsetjing ved Turid Farbregd. Orion-bøkene ; 193. Oslo : Samlaget, 1977. 195 s.