Tiend
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiend er ei skatteform der ein betaler ein tidel av inntekta si til eit kyrkjesamfunn eller liknande religiøst samfunn ein gong årleg.
Vi kjenner tiend frå det antikke Midt-Austen, mellom anna frå Babylon. Det gamle testamentet har fleire skildringar av tiend til dømes 1 Mos 14, 18-20, der Abraham betaler tiend til kong Melkisedek, og 3 Mos 27, 30, kor israelittane vert pålagt å betale tiend til JHVH. Og i 5 Mos 14, 22 står det «Kvart år skal du gje tiend av alt det som veks på marka.».
Praksisen vart òg tatt i bruk i kristne kyrkjesamfunn. Først var det ikkje noko formalisert tiendsystem, men idéen var nemnt på fleire kyrkjemøte fram til han vart godteken av pave Hadrian I i 787. I nokre kristne trussamfunn praktiserer ein framleis tiend som ei sjølvvald religiøs handling, det vil seie at medlemmene frivillig betaler 1/10 av inntekta si til kyrkja.
I Noreg vart tiend sett i verk under styret til Sigurd Jorsalfar (1103-1130). Skatten gav alle påbod å betale 1/10 av innkome til kyrkja. Tienda vart så fordelt med ¼-del kvar på kyrkja, biskop, prest og fattige.
[endre] Kongetiend
Etter reformasjonen i 1536/37 vart den regulære tienda avløyst av den såkalla kongetienda, noko som betydde at kongen fekk inn heile skatten og kunne fordele han sjølv. Ved lovbod frå 1801 vart kongstienda gjort om til ei grunnbyrde på fast eigedom, som vart betalt inn «in natura» etter kapitaltakst eller i reine pengar. Først i 1918 vart grunnbyrden sett ut av kraft.