Tidvatn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidvatn er ei nemning på at nivået på havet stig og senker seg i høve til land. Det er mest månen, men og sola, si tiltrekningskraft som skaper fenomenet.
Fjøre sjø eller lågvatn er når vatnet er på sitt lågaste.
Flod, og kalla høgvatn, er når tidvatnet er på sitt høgste. Ved kvar fullmåne og nymåne er floda høgare enn normalt og vert kalla springflod, mens ved kvar halvmåne er floda lågare enn normalt og vert kalla nippflod.
Kombinasjonen av flod og kraftig vind, gjerne saman med eit kraftig lågtrykk, kan gje stormflod. Då når floda enda høgare enn normal springflod og kan skapa flaum. I ekstreme tilfeller har slik flaum gjort stor skade.
Høgaste astronomiske tidvatn (HAT) er den høgaste vasstanden ein kan rekne seg fram til under middels meteorologiske tilhøve og ved alle moglege konstellasjonar mellom jord, måne og sol. I praksis reknar ein ut HAT ved å lage tidvasstabellar for 19 år, og plukke ut det høgaste tidvatnet. Høgaste astronomiske tidvatn er på sjøkarta referansenivået for høgder på bruer, luftspenn o.a.
Lågaste astronomiske tidvatn er den lågaste vasstanden ein på tilsvarande måte kan rekne seg fram til. Lågaste astronomiske tidvatn kan likevel vere høgre enn sjøkartnull.
[endre] Sjå òg
- tidvassbølgje
- tidvasslette
- tidvassone
- tidvassøy