Thrash metal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thrash metal vert av mange betrakta som ein undersjanger av heavy metal. Mot slutten av 1970 talet var det pønk som var alternativet, heavy metal og hard rock vart av mange sett på som avleggs og lite utviklande. Dette var med å føra fram til denne nye metalstilen. Thrash kombinerte aggresjon og fart frå pønk med klassiske tunge heavy metal riff. Det vart sett fokus på ein blanding av brutalitet og teknikk i gitar-riff, gitar-soloar og aggressiv tromming. «Dei fire store» thrash metal banda i historia er Metallica, Slayer, Anthrax og Megadeth.
Den største thrash metal-scena finn ein i Bay Area i San Francisco. Her var pionerane Exodus, Death Angel, Heathen, Metallica og Testament. Som nummer to kjem den teutonske thrash metal-scena frå Tyskland med Kreator, Sodom og Destruction i spissen. I norge er det fyrst og fremst Fredrikstad bandet Equinox som gjorde thrashen kjend.
Thrash Metal fekk namnet sitt frå pønk scena. Alt i 1978 var det ei stor undergrunns thrashpønk scene i New York og demokassetten "new york thrash cassette" vart utgjeve dette året (dette var fyrste gong ordet Thrash vart nytta som musikkterminologi).
På 90 talet dabba interessen for Thrash metal, og sjangere som Death Metal, Black Metal og Nu Metal tok over mykje av merksemda. Etter årtusenskiftet har Thrashen igjen begynt å markerea seg, mykje takka vera undergrunnsnettstader som Thrash Never Dies[1] og Thrash Unlimited[2].
[endre] Thrash metal band
- Metallica
- Anthrax
- Slayer
- Megadeth
- Artillery
- Possessed
- Deaths Head
- Dark Angel
- Death Angel
- Kreator
- Sodom
- Destruction
- Exodus
- Testament
- Heathen
- Exhorder
- Messiah
- Destroyer 666
[endre] Norske thrash metal band
- Equinox
- Godsize
- Susperia