See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Theben i Hellas - Wikipedia

Theben i Hellas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Theben
Plassering
Theben (Hellas)
Theben
Theben
Styresmakter
Land
Periferi
Prefektur
Hellas Hellas
Sentral-Hellas
Boiotia
Geografi
Flatevidd
 - By

km²
Innbyggjarar
 - By (2001)

23 820
Koordinatar 38°19′0″N 23°19′0″EKoordinatar: 38°19′0″N 23°19′0″E
Høgd over havet 215 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 322 00
Telefon-retningsnummer 22620


Theben (gresk: Θήβα Thiva, óg kalla Thivai eller Thebes) er ein by i prefekturet Boiotia i Sentral-Hellas i Hellas. Han ligg nord for fjellkjeda Kithairon, som skil Boiotia frå Attika, og på den sørlege kanten av den boiotiske sletta. I antikken var byen den største i Boiotia-regionen.

I dag ligg den antikke sitadellen, Kadmeaen, i landsbyen Thiva (Θήβα).

Innhaldsliste

[endre] Historie

[endre] Tidleg historie

Historien om dei tidlegaste dagane til Theben var tatt vare på av grekarane blant ei mengd legendar som er rivaliserande med mytene om Troja. Ein kan kjenne igjen fem hovedsyklusar:

  1. Grunnlegginga av sitadellen Kadmea av Kadmus, og framveksten av sparti eller «sådde menn» (sannsynlegvis ei etiologisk myte som skulle forklare opphavet til dei thebiske adelege som bar det namnet i historisk tid)
  2. Bygginga av ein mur med «sju portar» av Amfion, og dei tilknytte fortellingane om Zethos, Antiope og Dirke
  3. Eventyret om «huset Laios», som kulminerte i eventyra til Ødipus og kriga til dei «sju mot Theben» og Epigonoi
  4. Ventetida på Dionysos
  5. Herakles sine tolv storverk

Det er vanskeleg å trekke ut noko som helst historiske fakta ut av denne massen av myter. Dei forskjellige gruppene kan ikkje vere fullt ut koordinert, og ein annen ting som gjer det enno vanskelegare er at Theben ikkje er nemnd i dikta til Homer. På den andre sida kan ikkje desse mytene fullstendig forkastast, som vart vist av utgravingar i 1909 av «huset Kadmus», som legenda sier vart fødd i Tyre og lærte bokstavar til grekarane. Det vart funne ei samling av mesopotamiske sylinder-segl, inkludert eit som refererte til en kassittisk konge som herska mellom 1381 og 1354 f.Kr. Vidare arkeologiske utgravingar i og rundt Theben har avslørt graver datert til mykensk tid som innehaldt våpen, elfenbein og tavler skrive i linear B. Det verkar klart å tru at det var ei av dei første greske samfunna som trakk saman i ein festningsby. Som ein festningsby trakk han til seg oppmerksemd fra dei invaderande dorianarane og det at dei til slutt erobra Theben ligg bak fortellingane om dei etterfølgande legendariske åtaka mot byen.

Den sentrale posisjonen og militære tryggleiken til byen hadde naturlegvis ein tendens til å heve han til ein kommanderende posisjon hos boiotianarane, og frå tidlege tider var innbyggjarane i stand til å etablere total kontroll over stammefolka deira i dei ytterliggande landsbyane. Ingen detaljar om den tidlege historien til Theben er tatt vare på, utanom at han vart styrt av eit landeigande aristokrati som verna sin integritet gjennom harde statuttar om eigarskap av eigedom og eigarbyte.

[endre] Theben si stordomstid

Seint på 500-talet fvt. kom thebanarane for første gang i fiendtleg kontakt med atenarane, som hjalp dei små landsbyane på platået til å fasthalde sitt sjølvstende mot dei, og i 506 slo dei tilbake eit inntog inn i Attika. Aversjonen mot atenarane forklarar den upatriotiske haldninga som Theben viste under den store persarkrigen. Sjølv om ein kontingent på 700 vart sendt til Thermopylae og vart der med Leonidas I helt til slutten, slo det styrande aristokratiet seg saman med fienden med stor innsats og kjempa intenst på hans vegne i slaget om Plataea i 479 f.Kr. Dei sigrande grekarane straffa Theben etterpå ved å ta frå dei leiarskapet over Det boiotiske forbundet, og eit forsøk av spartanerne på å utvise dei frå det delfiske amfiktyoniet vart berre hindra av mellomstyret i Aten. I 457 gjekk Sparta, som trengte ei motvekt mot Aten i det sentrale Hellas, tilbake på sin politikk og gjeninnsette Theben som den dominerande makta i Boiotia. Den store sitadellen i Kamea tente dette formålet godt ved å halde ut som ein base for motstand då atenarane kjørte over og okkuperte resten av landet (457 f.Kr.447 f.Kr.). I peloponnesarkrigen var thebanarane, som var bitre på støtta som Aten gav dei mindre boiotiske landsbyane, og særleg til Plataea som dei forsøkte å redusere i 431 f.Kr., stødige allierte med Sparta som hjalp dei i å omleire Plataea og lot dei øydelegge landsbyen etter at han vart erobraet i 427 f.Kr.. I 424 f.Kr. påførte dei, i spissen for dei boiotiske innrullerte, eit kraftig nederlag på ein invaderande atensk styrke i slaget om Delium, og for første gong viste dei effekten av den faste militære organisasjonen som etter kvart ville heve dei til ei dominerende makt i Hellas.

Etter fallet til Aten på slutten av peloponnesarkrigen braut thebanarane alliansen etter at dei fann ut at Sparta hadde tenkt å verne dei statene dei ønska å annektere. I 404 f.Kr. hadde dei bønfalt om å få øydelegge Aten, likevel støtta dei i løyndom i 403 f.Kr. gjenopprettinga av demokratiet der for å finne ein motpol mot Sparta. Nokre få år seinare, kanskje ved hjelp av persisk gull, danna dei kjernen i forbundet mot Sparta. I slaga om Haliartus (395 f.Kr.) og Koronea (394 f.Kr.) viste dei igjen sin stigende militære kapasitet ved å bli ståande mot spartanarane. Resultatet av krigen var særleg katastrofal for Theben, då den generelle avtalen i 387 f.Kr. stipulerte komplett autonomi for alle greske landsbyar og dermed trakk dei andre boiotarane seg frå deira politiske kontroll. Makta til byen vart videre kutta ned i 382 f.Kr. då ein spartansk styrke okkuperte sitadellen i eit forræderisk kupp. Tre år seinare var den spartanske garnisonen utvist, og ein demokratisk konstitusjon vart sett solid fast i staden for det tradisjonelle oligarkiet. I dei følgjande krigane med Sparta viste den thebanske arméen, trent og leia av Epaminondas og Pelopidas, seg som den beste i Hellas. Nokre år med usamanhengande kampar der Theben etablerte sin kontroll over hele Boiotia, kulminerte i 371 f.Kr. i ei viktig siger over dei beste spartanarane i slaget om Leuktra. Vinnarane vart hylla i heile Hellas som sigerherrane til dei undertrykka. Dei bar våpena deira inn i Peloponnes og i spissen for ein stor koalisjon knuste dei makta til Sparta. Liknande ekspedisjonar vart send til Thessalia og Makedonia for å regulere styret av desse regionane.

[endre] Slutten på stordomen

Men dominansen til Theben var kortvarig. Statane som han verna nekta å underlegge seg på permanent basis og den fornya rivalen Aten, som hadde slutta seg saman med Theben i 395 i felles frykt for Sparta, hadde sidan 371 haldt ut for å oppretthalde maktbalansen mot deira allierte og hindra danninga av eit thebansk imperium. Med Epaminondas ved Mantinea i 362 f.Kr. sokk byen igjen til posisjonen som ein sekundær maktfaktor. I ein krig med nabostaten Fokis (356 f.Kr.346 f.Kr.) kunne han ikkje ein gong oppretthalde dominansen sin i det sentrale Hellas, og ved å innvitere Filip II av Makedonia til å knuse fokarane, utvida byen monarken si makt farleg nær sine egne grenser. Ei kraftig endring i haldningane mot Filip vart fullført i 338 av talaren Demostenes som overtalte Theben til å slutte seg til Aten i eit siste forsøk på å stoppe Filip si framrykking gjennom Attika. Den thebanske kontingenten tapte det avgjerande slaget om Khaeronea og med det alt håp om å få tilbake kontrollen over Hellas. Filip var fast på å frårive Theben sin dominans over Boiotia. Men eit mislykka opprør i 335 f.Kr. mot son hans Aleksander vart straffa av Makedonia og andre greske statar i den kraftige øydelegginga av byen.

[endre] Seinare historie

Byen vart restaurert av Kassander i 315 f.Kr., men den spelte aldri igjen ei viktig rolle i gresk politikk. Han lei under grunnlegginga av Khalkis som hovudfestninga i Sentral-Hellas, og vart alvorleg handtert av dei romerske erobrarane Mummius og Sulla. Strabo skildrar han knapt som ein landsby og på Pausanias si tid (midten av det 1. hundreåret) var det berre sitadellen som var busett. Under den austromerske perioden tente han som tilfluktsstad mot utanlandske invaderarar, og frå 900-talet vart han eit sentrum for den nye silkehandelen. Han vart kraftig plyndra normannarane i 1146, men haldt fram å bløme og vart valt av det frankiske dynastiet de la Roche som sin hovudstad. I 1311 vart han erobra av det katalanske kompaniet. I dag eksisterar byen Theben framleis på gresk jord, men er berre ein skugge av sin tidlegare stordom.

[endre] Kjelde


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -