The Kite Runner
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Kite Runner, kalla Drageløperen på norsk, er ein roman frå 2003 av den afghanske forfattaren Khaled Hosseini. Romanen handlar om den unge guten Amir, om lengselen hans til eit nærare band med far sin og om vonde barndomsminner. Handlinga går føre seg i Afghanistan, frå monarkiet sitt fall til Taliban. Delar av historia er lagt til eit moderne San Francisco. Tematikken i boka er diskriminering og immigrasjon.