Talet 12
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talet tolv i ulike talsystem: |
|
1100 | binært |
14 | oktalt |
12 | desimalt |
C | heksadesimalt |
XII | romartal |
Talet tolv (12) er eit samansett tal: 12 = 2·2·3. I heiltalsrekkja kjem det etter talet 11 og før talet 13.
Talet tolv kan indikerast med prefikset dodeka- (frå gresk) eller duode(sim)- (frå latin).
Ordenstalet som svarar til talet tolv, er tolvte (12.).
Ei mengd på eksakt tolv objektar av same type vert ofte kalla eit dusin eller ei tylft.
Ei mengd på tolv tylfter (12·12 = 144) vert kalla eit gross.