Svarte Drin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svarte Drin | ||
|
||
Utspring | Ohridsjøen | |
- Høgd | 693 m | |
Munning | I møtepunktet til Kvite Drin i Albania | |
Land i nedslagsfelt | Republikken Makedonia, Albania | |
Lengd | 149 km | |
Renn gjennom | Struga, Kukës |
Svarte Drin (albansk: Drini i Zi, som tyder svart hjort; makedonsk: Crn Drim) er ei elv som renn gjennom Republikken Makedonia og Albania. Ho strøymer ut frå Ohridsjøen ved Struga i Makedonia. Etter om lag 50 km kryssar ho grensa til Albania, vest for Debar. Ho flyt saman med Kvite Drin i Kukës og dannar elva Drin, som strøymer vidare til Adriaterhavet. Det meste av vatnet i dei austlege grenseområda av Albania renn ut i denne elva, inkludert dei tre austlege innsjøane som Albania deler med sine naboland (Ohridsjøen og Prespasjøen) og bekkar som strøymer ut i desse.