Skiathos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skiathos Lokalt namn: Σκιάθος |
|
---|---|
Skiathos hamn |
|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Sporadane |
Areal | 49,9 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Prefektur |
Thessalia Magnesia |
Demografi | |
Folketal | 6 160 (2001) |
Folketettleik | 123 /km² |
Skiathos (gresk: Σκιάθος, latinsk: Sciathos og Sciathus) er ein by og ei øy i Egearhavet som høyrer til Hellas. Ho ligg nær Skopelos og består av hovudbyen Skiathos by og landsbyane Koukounaries, Kanapitsa, Vromolimnos og Troullos. Skiathos er den vestlegaste øya i øygruppa Sporadane, og fastlandet og området Magnesia ligg i vest. Namnet på øya har sitt opphav i antikken.
Skiathos by har ein skule, ein latinskule, eit gymnas, mange kyrkjer, bankar, eit postkontor og ein markedsplass (plateia). Byen har ei hamn som gjev ly for småbåtar og som har ferjesamband til Skopelos, Volos, Agios Konstantinos og resten av Hellas. Øya Skiathos har i alt 70 strender.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Mykje av øya er skogkledd. Området rundt landsbyane og Skiathos by er derimot jordbruksområde. Skogane på øya består av furu og ligg på den søraustlege delen av øya. Ein kan sjå øya Skopelos frå Skiathos og i klårvér kan ein óg sjå øyane Euboea og Skyros. Det høgaste punktet på øya ligg i vest og her står det ei kommunikasjonsmast.
Skiathos har om lag 70 strender, inkludert ei nudiststrand i den sørlege enden av øya kalla Little Banana Beach.
[endre] Transport
Øya har båtsamband til Thessaloniki, Volos og Agios Konstantinos, i tillegg til resten av Sporadane. Nordaust på øya ligg det óg ein flyplass. Flyplassen har ein svært kort rullebane, og er berre om lag 1 570 meter lang. Ofte fører dette til at fly må mellomlande (som oftast i nærleiken av byar som Volos, Kavala, Thessaloniki) for å fylle meir drivstoff, sidan dei fleste flya må ta av med lite drivstoff for å kunne lette.
[endre] Historie
I antikken hadde øya ei lita rolle i persarkrigane. I 480 fvt. vart flåten til den persiske kongen Xerxes råka av ein storm og fekk store skader langs klippene på kysten av Skiathos. Etter dette låg den greske flåten i kamp med den persiske ved Artmisium, men klarte til slutt å ta den persiske flåten under slaget ved Salamis. Skiathos vart verande i Det athenske sjøforbundet fram til det mista sjølvstende sitt. Byen vart øydelag av Filip V av Makedonia i 200 fvt.
I mellomalderen vart øya stadig rasert under åtak frå sjørøvarar. I 1207 erobra Gyzi-brørne øya og bygde Bourtzi, ein liten festning i venezisk stil liknande Bourtzi i Nafplio, på ein holme utafor Skiathos by, for å verne hovudbyen frå fleire åtak. Festningen var derimot lite effektiv og på midten av 1300-talet flytta innbyggjarane hovudbyen frå den gamle staden, som låg der den moderne Skiathos by ligg i dag, til Kastro (det greske ordet for borg), på ein høg klippe over sjøen heilt nord på øya. Kastro vart verande den einaste busetnaden på øya fram til slutten av den greske sjølvstendekrigen då hovudbyen vart flytta tilbake til sin opphavlege stad.
I 1704 bygde munkar frå Athos klosteret Evangelistria, som spelte ei rolle i den greske sjølvstendekrigen som ein gøymestad for greske opprørarar.
På 1800-talet vart Skiathos eit viktig senter for skipsbygging i Egearhavet, sidan det var rikeleg med furuskog på øya. Furuskogen vart nesten utsletta, men då dampbåtane kom betra tilhøva seg. I dag ligg det eit lite skipsverft nord for Skiathos by, som framleis byggjer greske kaiki.
I 1964 vart Skiathos vald som ei utviklingssone for turisme. Dette førte til store endringar på øya for å tilpasse seg turistindustrien, mellom anna kystvegen frå Skiathos by til Koukounaries, byggjinga av flyplassen i 1984 og det første store hotellet ved stranda Koukounaries. Langs kystvegen har det sidan vorte oppretta mange hotell og øya har vorte ein viktig turistdestinasjon.
11. juli 2007 spreidde ein skogbrann seg raskt over øya. Alle innbyggjarane i Aghia Paraskevi vart evakuert, og turistar måtte forlate øya. [1]
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Skiathos frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Busette øyar | Skiáthos • Skópelos • Skýros • Alónissos | |
Andre øyar | Adelfíøyane • Ajos Jeorjos Skopelou • Argos Skiathou • Dasia • Erinia • Grammeza • Joúra • Kyrá Panajá • Lekhoussa • Peristéra • Pipéri • Psathoúra • Répio • Rinia Skyrou • Sarakinó • Skandili • Skándzoura • Skyropoúla • Tsoungriá • Válaxa |