See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Skandinavisme - Wikipedia

Skandinavisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Plakat frå 1800-talet som symboliserer skandinavisk samarbeid
Plakat frå 1800-talet som symboliserer skandinavisk samarbeid

Skandinavisme er omgrepet for den rørsla som, med bakgrunn i slektskapet åt dei skandinaviske folka, påverka Noregs, Sveriges og Danmarks politikk kring midten av 1800-talet og som elles òg på ulike vis har arbeidd for å føre dei nærmare kvarandre kulturelt og samfunnsmessig sett. Den første tendensen til skandinavisme kom allereie på 1700-talet frå dei vitskaplege og litterære krinsane i Danmark, men dette skjedde under innverknad frå den meir kosmopolittiske grunnhaldninga på den tida. Den uvennskapen som så lenge hadde halde dei skandinaviske folka frå kvarandre byrja på denne tida å gå i gløymeboka: Dei skandinaviske folka burde i staden kjenne seg som brør.

[endre] Ein sped start

Allereie i 1761 var det ei einskild dansk røyst som tala for varig venskap mellom svenskar og danskar, og Gustav III av Sveriges besøk i København i 1787 vart helsa med ein artikel i tidsskriftet Minerva, der det vart skrive om kva glede ein kvar skandinav måtte kjenne over å sjå dei tre folka venskapleg vandre hand i hand. Ordet skandinav vart på denne måten smått om senn introdusert i språket. Eit par år seinare, 1792, heldt den danske professoren Jens Schielderup Sneedorff i Nordiska sällskapet i London eit føredrag om kor viktig «de tre nordiska rikenas förening» var. Skandinavisk literaturselskab vart danna 1796 i København og det utgav i mange år eit tidskrift, Skandinavisk Museum, som var meint å fremje dei litterære samband mellom dei to folka, men etter kort tid slutta tidsskriftet å publisere svenske bidrag. Frå Sverige kom det ei og anna imøtekommande røyst, som Frans Michael Franzén; dei byrja å leggje merke til den danske litteraturen, men framleis hadde det lite omfang.

På denne tida veksla politikken til dei skandinaviske styresmaktene mellom alliansar og krig. Mellom anna gjekk Danmark til åtak på Sverige då Napoleons gav ordre om det i 1808, og Gustav IV Adolf av Sverige la ulike planar for å erobra Noreg eller Sjælland. Under slike tilhøve var det ikkje merkeleg at Fredrik VI sine planar om å arva den svenske trona i 1809 og 1810 mislukkast, og lausrivinga av Noreg frå Danmark og deretter unionssambindinga med Sverige i 1814 verka snarast i antiskandinavisk lei.

[endre] Band blir bundne

Det litterære og akademiske sambandet som tok til på 1800-talet blei viktigare. Både danske og svenske skaldar møttest i den felles norrøne kulturarven. Helsinga frå Esaias Tegnér til Adam Oehlenschläger då han fekk doktorgraden sin i Lund 1829 var eit symbolsk teikn på at tida med uvennskap var forbi. Professorar og studentar ved Københavns og Lunds universitet tok til å vitja kvarandre, og samferdsla blei letta av at eit dampskipsamband blei oppretta mellom Malmö og Danmark i 1828. I 1839 vitja ei rekke studentar frå Lund København; desse skålte for den «nordiske treeininga». Same året starta den entusiastiske skandinaven Fr. Barfod utgjevinga av eit nordisk tidsskrift, Brage og Idun, og det første skandinaviska naturforskarmøtet blei halde i Göteborg i 1839.

Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå svensk enno.

Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!

[endre] Kjelder


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -