See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Ska - Wikipedia

Ska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ska er ein musikkstil som starta på Jamaica tidleg på 1960-talet. Den var påverka av mento (ei lokal form for calypso) og rhythm ’n’ blues. Ska er kjenneteikna ved ein veldig rytmisk stil, ofte med framståande offbeat, og har gjeve opphav til bl.a. reggae, dub og dancehall, og har påverka mange andre musikksjangrar, ikkje minst punk.

Ska er både dansemusikk og sosial protest. Tekstane ironiserer ofte rundt klasseskilje, rasediskriminering og kjønnsstereotypar.

Innhaldsliste

[endre] Historie

[endre] Jamaikansk ska

Blant dei originale jamaikanske ska-artistane finn ein Desmond Dekker & The Aces, Prince Buster, The Skatalites, Toots & the Maytals samt ein ung Bob Marley. I løpet av 1960-talet gav ska opphav til rocksteady, ei langsamare musikkform som blei vidareutvikla til den enda langsamare reggae.

Musikken var særleg populær i den jamaikanske subkulturen kalla rude boys, som oppstod blant arbeidslause ungdommar. Dei imiterte overklassen ved å kle seg i kvite skjorter, svarte dressar, svarte slips og svarte hattar. Saman med ska og rocksteady spreidde rude boy-kulturen seg til Storbritannia, der den blei blanda med skinhead-rørsla.

Mange ska-låtar er tileigna «Rudy» – prototypen av ein rude boy. Eksempel er «A message to you, Rudy» av The Specials og «Rudie can't. fail» av The Clash.

[endre] Two tone-ska

Ska opplevde ei oppblomstring på 1970- og 80-talet, då det skjedde ei gjensidig befrukting med punk og new wave i Storbritannia. Resultatet blei ein enda raskare og røffare ska, ein meir samfunnsengasjert punk, og for det tredje ein ny stil, skapunken. 80-talls-skaen, òg kalla 2Tone-ska, er eksemplifisert ved Bad Manners, The Selecter og The Specials. Madness vert òg ofte rekna til denne kategorien, sjølv om deira nutty sound òg henta inspirasjon frå mange andre stader.

Namnet 2Tone-ska er avleidd av skaen sine fargar, svart og kvit. Dette spelar på både på rude boys sin svart-kvite kleskode og til solidariteten mellom svarte og kvite. Det siste gav seg ikkje minst utslag i at mange ska-band var multietniske, men òg i tekstane (jf. Madness si anti-apartheid-låt «Ghost Train»). I Storbritannia var ska framfor alt populær blant skinheads (vel å merke dei tradisjonelle eller antirasistiske, som hadde identiteten sin i arbeidarklassen).

The Clash og No Doubt høyrer til punk-artistane som har vore sterkt påverka av ska. I Noreg har The Aller Værste! vore dei mest framståande representantane for ska-inspirert musikk på denne tida.

[endre] Ska i dag

Ei tredje ska-bølgje oppstod midt på 1990-talet og varer til i dag. Denne er kjenneteikna ikkje minst ved ei internasjonalisering, ved at det blei danna ska-band i mange ikkje-engelsktalande land.

I Noreg kan Hopalong Knut, Lame Ducks, Dread ein walking (tidlegare Misvær skaforening), Offender, No Torso, Ska Patrol og Skanksters reknast til denne bølgja.

[endre] Kjelder


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -