Sjuprikka marihøne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjuprikka marihøne |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Underklasse: | Pterogyta | |
Infraklasse: | Neoptera | |
Orden: | Coleoptera | |
Familie: | Coccinellidae | |
Slekt: | Coccinella | |
Vitskapleg namn | ||
Coccinella septempunctata |
Sjuprikka marihøne (Coccinella septempunctata) er den mest vanlege marihønearten i Europa. Ho er lett å kjenne att på dei sterkt raude dekkvengjene sine med dei totalt sju prikkane - tre på kvar side og ei på midten framme.
Ein finn sjuprikka marihøner i mange ulike miljø, men er vanlegast i låg urtevegetasjon. Som regel klarar ho seg fint så lenge det finst bladlus, som både dei vaksne og larvane er aggressive predatorar på. Av denne grunnen har dei vorte innførd fleire stadar som biologisk skadedyrkontroll.