Sigurd I av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd I Magnusson Jorsalfare var konge av Noreg om lag frå 1103 til 1130. Han vart fødd i 1090 og døydde i 1130. Sigurd var gift med dronning Malmfred av Russland. Sigurd var son av kong Magnus III Olavsson Berrføtt. Han overtok kongedømet saman med brørne Øystein I Magnusson (om lag 1088–1123) og Olav Magnusson (1099–1115) då faren døydde i 1103. Sigurd var einekonge frå 1123. Tilnamnet «Jorsalfare» fekk Sigurd av di han i fleire år var på korstog. Han skal ha vore i Jerusalem, som på norrønt var «Jorsal».