Miklagard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miklagard var det norrøne namnet på byen Istanbul i Tyrkia. Andre namn på byen har vore Bysants (Byzants), Stamboul og Konstantinopel.
«Mikla» kjem av det norrøne ordet mikill, som tyder «stor». Dermed tyder «Miklagard» «den store garden (inngjerdinga)» eller «den store byen».
Fleire norrøne vikingar gjekk i teneste i Miklagard. Mellom anna den seinare kong Harald Hardråde. Kong Sigurd Jorsalfar var òg innom byen på ferda mot Jorsal (Jerusalem).