See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Saltfjellet - Wikipedia

Saltfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Saltfjellet
Sommar på Saltfjellet
Sommar på Saltfjellet
Høgd over havet Ølfjellet (1751 moh)
Ligg i/på Noreg Nordland i Noreg
Koordinatar 66°39′N 15°9′EKoordinatar: 66°39′N 15°9′E
Melfjorden i Rødøy i bakgrunnen. Saltfjellet går heilt ut til kysten og dannar ein barriere for dyre- og planteliv, mellom anna norsk gran og hoggorm.
Melfjorden i Rødøy i bakgrunnen. Saltfjellet går heilt ut til kysten og dannar ein barriere for dyre- og planteliv, mellom anna norsk gran og hoggorm.

Saltfjellet er eit fjellområde i Nordland som skil dei to landskapa Helgeland og Salten frå kvarandre. Dette er ei av dei største fjellkjedene i Noreg og staden der polarsirkelen skjer seg gjennom landet. Fjellkjeda er ein del av sju kommunar. I nord finn ein Saltdal, Bodø, Beiarn og Gildeskål, i vest ligg Meløy og Rødøy og i sør ligg Rana.

Det høgaste fjellet er Ølfjellet på 1751 meter over havet. Saltfjellet strekkjer seg frå kysten til grensa av Sverige. Isbreen Svartisen ligg på Saltfjellet. Svartisen er eigentleg to isbrear der Glomdalen med elva Glomåga skil dei to delane. Den vestlege Svartisen er den nest største isbreen på det norske fastlandet og er ein del av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark. Totalt er 2587 kvadratkilometer verna. Fleire lange dalar går ut frå fjellet, som Dunderlandsdalen og Blakkådalen frå sørsida, og Saltdal og Beiardalen på nordsida. Den austlege delen av fjella dannar eit platå som heller svakt nedover, og det er her E6 og Nordlandsbanen kryssar fjellet. Både vegen og jernbanen går gjennom Dunderlandsdalen og Saltdalen. Det høgareliggande vegstrekket vert ofte råka av snøstorm om vinteren. Den vestlege delen av Saltfjellet er meir alpint og bratt. Her går Engabreen, ein brearm av Svartisen, nesten heilt ned til fjorden.

Hytter på Saltfjellet ved Bjellåvasstua, 720 moh.
Hytter på Saltfjellet ved Bjellåvasstua, 720 moh.

[endre] Transport

Det er to hovudruter over fjellet, bilvegen E6 og jernbanelinja Nordlandsbanen. E6 opna i 1937 og vart asfaltert i 1972. Fram til 1968 var vegen stengd om vinteren. Jernbanelinja vart bygd over fjellet under den andre verdskrigen og opna i 1947.

[endre] Bakgrunnsstoff

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -