Søppel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søppel, avfall eller boss er restar eller ting ein kastar fordi ein ikkje kan bruka eller vil ha dei lenger.
Søppel blir ofte samla inn av eit renovasjonsvesen eller av uformelle søppelsamlarar. Det som ikkje blir skild ut til å brukast omatt eller komposterast kan gå til gjenvinning, forbrenning eller ei fylling.
Ein skil mellom husholdningsavfall og næringsavfall. Spesialavfall er avfall som ikkje kan handsamast saman med anna avfall, anten på grunn av storleiken eller fordi det kan føra til alvorlege ureiningar.
Avfall frå tidlegare tider blir brukt av arkeologar for å finna ut noko om korleis dei som laga det levde.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Avfall og gjenvinning på Miljøstatus i Norge
- Statistisk sentralbyrå - avfallsstatistikk
- Statens forurensningstilsyn - farlig avfall
Søppel
I takt med den norske økonomien når søppelberget stadig nye høgde. I fjor oppsto det 8,4 millionar tonn avfall her i landet. Det er 21 prosent meir enn i 1996. Matavfall har auka med heile 60 prosent i same periode, men vi gjenvinner meir.
Bruttonasjonalproduktet (BNP) økte med rundt 22 prosent i same periode. Avfallsmengda veks dermed i takt med økonomien – men stadig mer avfall blir gjenvunnet. Konsekvensen er at mens vi produserer stadig mer søppel, er mengda søppel som havner på fyllinga ganske stabil.
Avfall Avfall kan komme til nytte, enten ved å bruke det om igjen, lage nye produkt eller ved å utnytte energien som oppstår når avfallet brennas. Avfall som ikkje blir behandla forsvarleg kan føre til helse- og miljøskadar. • Vi produserer stadig meir avfall. Frå 1995 har årlig avfallsmengde auka med nærmare 30 prosent. • Avfallsmengda frå husholdningane aukar mest. • Omlag en tredjedel av alt avfall materialgjenvinnast. • Meir enn 10 prosent av alt avfall gjenvinnast til ny energi. • I Noreg er det no 86 ordinære søppelfyllingar og 18 forbrenningsanlegg. • Sidan 1998 har talet søppelfyllingar med system for uttak av metangass blitt doblet. Meir enn 1/3 av denne gassen brukast til produksjon av elektrisitet og fjernvarme. Farleg avfall
Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farleg avfall som ikkje blir tatt forsvarleg hand om, kan føre til at miljøgifter hopar seg opp i naturen og. Avfallet frå privatpersonar og hushaldningar, skal leverast til kommunalt mottaksordning.
Det var ca. 940 000 tonn farleg avfall i Noreg i 2005. Berre 875 000 tonn blei handtert i godkjente anlegg, mens resten, 64 000 tonn, blei behandla på ukjent måte. Mykje av avfallet, som blei behandla på ukjent måte, kan då blitt blanda med vanleg avfall, slept ut i kloakken eller dumpa i naturen. Farleg avfall i Noreg deponerast ved NOHAs anlegg på Langøya utanfor Holmestrand.
Produsentansvar
Den som produserer ei vare, har eit ansvar for vara, også når ho er vorte til avfall. Det heiter Produsentansvar. Dersom vara ikkje er laga i Noreg, er det importøren som har ansvaret. Det tyder at produsentane må byrje å tenkje å ein heit ny måte. Dei må ta ansvaret dersom produktet dei lagar endar som farleg eller skjemmande søppel. Denne tankegangen er ny, og det står mykje att før ordninga er gjennomført for alle. Men somme land har kome godt i gang.
Gjenvinning
For ti år sidan var det mest vanleg å deponere avfall. Sidan har mengde avfall som deponerast gått jevnt nedover, mens mengda som gjenvinnast har auka tilsvarande. I 2006 blei nesten 70 prosent av ordinært avfall gjenvunne. Når avfall gjenvinnast utnyttast ressusane i avfallet, enten gjennom materialgjenvinning, biologisk behandling (kompostering med eller uten oksygen) eller forbrenning med energiutnyttelse.
Nesten to tredjedeler av det avfallet som gjenvinnast går til materialgjenvinning, resten blir forbrent med energiutnyttelse eller biologisk behandlet. Deponering og forbrenning uten energiutnyttelse reknast som sluttbehandling. I dag sluttbehandlast rundt 30 prosent av avfallet.