See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Rossbybølgje - Wikipedia

Rossbybølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rossbybølgjer (eller planetære bølgjer) er storskala rørsler i havet eller atmosfæren som blir skapt av endringar av corioliskrafta med breiddegraden. Bølgjene blei først oppdaga i atmosfæren i 1939 av Carl-Gustaf Arvid Rossby som seinare forklarte rørsla deira.

Innhaldsliste

[endre] Planetære bølgjer

Rossbybølgjer har ein fasefart (farten til bølgjetoppane) som alltid går vestover. Gruppefarten (assosiert med energifluksen) til bølgja kan derimot ha ein annan retning. I hovudsak har kortare bølgjer ein gruppefart i austleg retning, medan lange bølgjer har ein gruppefart mot vest.

Ein snakkar om «barotrope» og «barokline» rossbybølgjer for å skilje mellom den vertikale strukturen deira. Barotrope rossbybølgjer varierar ikkje vertikalt og har den høgaste forplantingsfarten. Dei barokline bølgjene er seinare med ein fart på berre eit par centimeter i sekundet eller mindre.

[endre] Atmosfæriske bølgjer

Rossbybølgjer i atmosfæren kan ein lett observere som storskala svingingar i jetstraumen. Når desse svingingane blir ekstra store kan dei skilje frå kvarandre kalde og varme luftmassar og danne lågtrykk og høgtrykk.

Fasefarten er gitt ved:

 c = u - \frac{\beta}{k^2}

Der c er bølgjefarten, u er den midla vestlege vinden, β er rossbyparameteren, og k er det totale bølgjetalet.

[endre] Havbølgjer

Både barotrope og barokline rossbybølgjer i havet skapar variasjonar i høgda på havoverflata, men bølgjelengda til bølgjene har vore svært vanskelig å måle før ein fekk satellittar som kunne måle denne høgda. Barokline bølgjer fører til store endringar i termoklinen i havet, ofte fleire titals meter. Satellittobservasjonar har vist at Rossbybølgjer, særleg på lågare og midlare breiddegrader, kan bruke månadar og til og med år på å krysse store hav som Stillehavet.

[endre] Referansar

  • Rossby, C-G (1939), Relation between variations in the intensity of the zonal circulation of the atmosphere and the displacements of the semi-permanent centers of action, J. Marine Research pp38-55
  • Platzman, G (1968) The Rossby wave, Quart. J. Roy. Meteorol. Soc. pp94-248
  • Dickinson, R E (1978) Rossby waves - long-period oscillations of oceans and atmospheres, Ann. Rev. Fluid Mech. pp10-195

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer ut


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -