Ropert
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein ropert, eller ein megafon, er eit portabelt, ofte handhelde, traktforma apparat til å forsterke eller rette ein person si talerøyst mot eit særskild mål. Menneskerøysta plar elles spreiast jamnt ut til alle sider, men gjennom ein ropert vert lyden konsentrert mot eit mindre område. På den andre sida vil dei som er noko til sides for der roperten er retta høyre det som vert sagt dårlegare. Ropertar vert til dømes ofte brukt på idrettstilstellingar, filminnspelingar, demonstrasjonar eller for å styre større folkemengder.
Fordelen med roperten er at brukaren ikkje treng mikrofon og høgtalar for å forsterke lyden, attåt at roperten er lett å bere med seg.
I dag finnest det òg batteridrivne ropertar med mikrofon, forsterkar og høgtalar innebygd, men dei opphavelege ropertane hadde ikkje dette.
[endre] Bakgrunnstoff
Denne artikkelen byggjer på «Megafon», henta frå Wikipedia på svensk 15. januar 2007.