Rondane nasjonalpark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rondane | ||
Totalareal | 963 km² | |
Landareal | 963 km² | |
Sjøareal | 0 km² | |
Område | Oppland og Hedmark |
Rondane nasjonalpark er ein nasjonalpark oppretta ved forskrift i 1962 og utvida i 2003. Landskapet i parken er prega av Rondemassivet med tindar, tronge juv og djupe botner.Berggrunnen er karrig, og lav og lyng dominerer vegetasjonen. Området har rike spor etter gammal fangstkultur.
Innhaldsliste |
[endre] Plassering
Rondane nasjonalpark ligg aust for Gudbrandsdalen og omfattar areal i kommunane Dovre, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Folldal og Stor-Elvdal kommunar i Opplandog Hedmark fylke.
[endre] Verneformål
Formålet med vernevedtaket er mellom anna å ta vare på
- eit stort, samanhengande og i det vesentlege urørt fjellområde
- eit høgfjellsøkosystem med eigenarta og variert biologisk mangfold
- ta vare på sentrale leveområde til villreinstammen i Rondane.
[endre] Bruk av nasjonalparken
Verneforskriften tillèt bruk av fjellområda til husdyrbeite og tradisjonelt friluftsliv.
Den norske turistforening driv fleire hytter innafor eller i utkanten av parken, deriblant Rondvassbu, Bjørnhollia, Grimsdalshytta, Peer Gynt Hytta, Dørålseter og Eldåbu. Kjende turistmål er m.a. Mysusæter, Høvringen, Kvitskriuprestinn, Skranglehaugane, Smiubelgen, Rondeslottet, Verkildalsbotnen, Jutulhogget og Ulafallene.
Pilegrimsleia frå Oslo til Nidaros går gjennom parken.
[endre] Fjelltoppar
Det er ti fjelltoppar i Rondane som ragar over 2 000 m.o.h.:
- Rondeslottet — 2 178 m.o.h.
- Storronden — 2 142 m.o.h.
- Høgronden — 2 115 m.o.h.
- Midtronden Vest — 2 060 m.o.h.
- Vinjeronden — 2 044 m.o.h.
- Midtronden Øst — 2 024 m.o.h.
- Sagtinden — 2 018 m.o.h.
- Storsmeden — 2 016 m.o.h.
- Digerronden — 2 016 m.o.h.
- Veslesmeden — 2 015 m.o.h.