Reutlingen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
---|---|
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Tübingen Reutlingen |
Først nemnd i | 1089-1090 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
87,06 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
112 431 1 291/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 382 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 72701-72770 |
Telefon-retningsnummer | 07121, 07072, 07127 |
Bilnummer | RT |
Heimeside: www.reutlingen.de |
Reutlingen er ein by i Tyskland sør i delstaten Baden-Württemberg med om lag 110 000 innbyggjarar. Byen er sete for ein landkreis med same namn.
Reutlingen har eit universitet for praktisk forsking, som vart grunnlagd i 1855, opphavleg som ein veveskule.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Reutlingen ligg ved sida av Schwabisk Alb, og vert derfor ofte kalla Døra til Schwabisk Alb (tysk: Das Tor zur Schwäbischen Alb).
[endre] Historie
Dei første busetnadane i området meiner ein oppstod på 300- eller 400-talet. Rundt år 1030 bygde grev Egino ei borg på toppen av Achalm, eit av dei største fjella rundt Reutlingen (om lag 706 meter over havet). Eit av tårna på denne borga står framleis og er open for turistar. Namnet Reutlingen vart første nemnd skriftleg i den såkalla Bempflingentraktaten (tysk: Bempflinger Vertrag), som er frå om lag 1089-1090.
Rundt 1180 fekk Reutlingen markedsretta og mellom 1220 og 1240 fekk han bystatus og det vart bygd bymurar og festningsverk. Kort tid etter, frå 1247-1343, vart byen sitt landemerke, Marienkirche bygd.
Reutlingen vart ein by i Det tysk-romerske riket og frigjorde seg frå hertugane av Württemberg.
Byrådet i Reutlingen signerte Confessio Augustana i 1530 og Konkordieformelen i 1580 (nøkkeldokument for lutheranismen).
Den største katastrofen i historia til Reutlingen skjedde i 1726 då ein bybrann øydela 80 % av alle boligar og nesten alla offentlege bygg. 1 200 innbyggjarar vart heimaluse. Innverknaden av denne brannen, som varte i tre dagar, kan ein framleis sjå forskjellige stader i byen.
General Ferdinand Heim, som seinare vart kalla «Syndebukken i Stalingrad» vart fødd i Reutlingen.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Reutlingen frå Engelsk Wikipedia .